Årsmøte 2025
Årsmøte i Fagforbundet Luster blir arrangert torsdag 30. januar kl. 19.00 på Gaupnatunet i Gaupne.
Sakspapir ligg under her som vedlegg. Gjer vel og set dykk inn i dokumenta i forkant av årsmøtet, ein les ikkje opp alle dokumenta i sin heilheit i møtet.
Det blir servering av gryterett og kaker og kaffe i etterkant.
Me får besøk av Anette Stegegjerdet Norberg, 2. kandidat for Arbeidarpartiet til stortingsvalet 2025, som vil halde ein kort tale for kvelden.
Om det fortsatt er nokon som veit de kjem, er det fint om de registrerer dykk på lenka under her, for at me lettare skal treffe med matbestillinga. ( ps. er uansett ikkje krav om påmelding for å delta på årsmøtet for medlemmar, kun praktisk i forhold til tinging av mat)
mvh. styret.
Forretningsorden:
- Ingen får ordet meir enn to ganger til samme sak. Første gangs innlegg maks. 3 min. 2. gang maks. 2 min.
- Er det mange til stades kan møteleiar krevja at ein held innlegg frå anvist plass, eller nyttar mikrofon.
- Det er anledning for å be om replikk for å oppklare eller korrigere misforståelser vedrørande siste talar i saka.
- Stemmegiving skjer ved handsopprekking om ingen krev skriftleg avstemming
- ved personval der det er to eller fleire kandidatar til eit verv skal ein nytte skriftleg avstemming.
Vedlegg
- forslag budsjett 2025.pdf
- rekneskap 2024 med revisjonsmelding.pdf
- RETNINGSLINJER FOR BLOMSTER GÅVER FRÅ FAGFORBUNDET AVD.pdf
- Retningslinjer for honorar vedteke årsmøte2025.pdf
- Retningslinjer for medlemsoppfølgjing.pdf
- Handlingsplan fagforbundet Luster avd. 550.pdf
- Mal Årsberetning 2024 550 arebeidsdokument.pdf
- Sakliste årsmøte 2025.pdf
- Framlegg frå valnemda til Årsmøtet Fagforbundet Luster 2025.pdf