Takk for eit flott Årsmøte !
Med over 70 frammøtte vart det ei svært kjekk og engasjerande samling, med stort engasjement og gode inspel.
Godt utført sang og musikk, av Henrik Hovland og Jennie Nes Skrede.
Takk til ordfører Stig Ove Ølmheim, LO leiar i Sogn Allison Furehaug Molland og representant frå Fylkestyret i Vestland Keyty Planeta for gode innlegg.
Me vil rette ei stor takk til dei som no går ut av styret ( Keyty Planeta, Tone Hylseng Haugen og Grethe Eggum Lerum) for innsatsen og arbeidet de har lagt ned.
Samtidig ynskjer me dei nye styremedlemmane varmt velkomne - me gler oss til vidare samarbeid.
Tusen takk til alle som møtte opp og bidrog til eit vellukka årsmøte.
Signert årsmøteprotokoll er lagt ut under vedlegga i saka.