Til hovedinnhold

Reversering av tvangssamanslåinga av Finnmark og Troms

Fagforbundet Ung støttar folk i Finnmark og Troms og deira kamp for å reversere tvangssammenslåinga av fylka.

01.11.2019
Sist oppdatert: 10.11.2021

Samanslåinga kjem som resultat av ein udemokratisk prosess der regjeringa regelrett har sett seg på bakrommet og teikna eit nytt Noregskart på tvers av folkemeininga. Finnmarkingane sa med eit overveldande fleritale nei til samanslåing i si folkerøysting. Fagforbundet kan ikkje akseptere at regjeringa arrogant vel å oversjå dette.


For Finnmark og Troms handlar denne saka om identitet, historie, og kultur. Vi fryktar dessutan at samanslåinga vil føre til at både makt og tenestetilbod vil bli meir sentralisert.


Fagforbundet Ung er og har vore særs kritiske til måten fra regjeringa tvingar gjennom samanslåinga av våre to nordlegaste fylke, og vil slåss for at ho blir reversert!

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?