Til hovedinnhold

Nyhetsbrev, Fagforbundsveka 2020 og fotokonkurranse.

Året 2020, så langt.. 2020 har vært eit spesielt og utfordrande år for alle våre medlemmer på ulike måtar. Det er derfor ekstra synd at vi ikkje kan komme på arbeidsplassbesøk i løpet av Fagforbundsveka i år. Det er vel eigentleg NO både de medlemmer og vi som styre verkeleg hadde hatt behov for det. Likevell vil eg forsikre alle om at det er blitt jobba iherdig frå «topp til botn» i Fagforbundet for å sikre rettighetene og arbeidsplasser til våre medlemmer i denne perioden med pandemien.

23.11.2020
Sist oppdatert: 23.11.2020

Fagforbundet sentralt, med fagavdelingar, ekspertar og juristar, Fagforbundet Vestland og Kompetansesenteret i Bergen har hold dei hovetillitsvalgte oppdatert heile vegen med kva som er lov og ikkje lov, kva betyding midlertidige endringar i arbeidsmiljøloven har for den enkelte, kva rettigheter du som arbeidstakar har i den situasjonen vi er og har vært i . For det er ikkje til å «stikke under ein stol» at mange arbeidsgivarar ikkje alltid har forstått kva kriteriene for disse endringane har vært.

Vidare veit vi at denne pandemien vil prege oss alle ei god stund til. Det er derfor viktig at alle dere yrkesaktive medlemmer og lærlinger melder ifrå til din plasstillitsvalgt, den hovedtillitsvalgte eller leiar i eigen Fagforeining dersom du er usikker på om det din arbeidsgjevar gjer eller seier er rett.

Kontoret til Fagforbundet i Florø er opent men kun etter avtale med den enkelte som ynskjer det.

Du kan og nå oss på telefon eller mail. Ikkje nøl med å ta kontakt om du treng råd eller assistanse.

 

På denne nettsiden finner du og mykje nyttig informasjon om korona og arbeidsliv. https://www.fagforbundet.no/koronainformasjon/ 

 

Fagforbundsveka hausten 2020

Fagforbundet har 2 veker pr år som vert kalla Fagforbundsveka.

Tradisjonelt besøker representantar frå styre ulike arbeidsplasser i lag med dei plasstillitsvalgte. På grunn av corona situasjonen er vi blitt nødt til å tenke nytt i respekt for alle smittevernstilltak.

Fagforbundsveka hausten 2020 vert altså ikkje avholdt på same måte som før.

Det vil i staden,fleier dager, i løpet av veke 48 verte lagt ut nyttig informasjon på fb til alle medlemmer om t.d. rettigheter og fordeler du har som medlem i Fagforbundet og LO.

I tillegg vil vi trekke ut 5 av våre yrkesaktive/lærlinger som får ein liten oppmerksomhet/gåve frå Fagforbundet Flora. Denne trekningen skjer fredag 27 november. 

 

Konkurranse

Ein liten konkurranse må vi ha og. Vår facebook side treng eit nytt forsidebilde. Vi utfordrar de medlemmer til å ta eit bilde med tema «ute belysning» og sende det til maj-linn.selvik@kinn.kommune.no eller legge det ut på vår facebook side under dette innlegget.

Vinnarbilde vert trekt fredag 27. nobember og premiert med ei gåve samt få være forsidebilde på facebook siden vår.

 

 Helsing

På vegne av styret i Fagforbundet avd 262 Flora

Maj Linn Selvik, leiar

Eirin Henriksen, nestleiar

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?