Fagforbundet går til landsomfattande politisk streik mot regjeringas foreslåtte kutt i Posten. Posttilsette medlemmer i Fagforbundet blir oppmoda til å leggja ned arbeidet i tre timar denne dagen, og me samlast til markering i Torgallmenningen i Bergen under fanen «Leve Posten!».
Me oppmodar alle som vil visa støtte til dei posttilsette og til ei landsdekkjande dørterskelteneste, til å møta opp.
Kvifor markerer me? Forslaget frå regjeringa kan føra til at 2 000 av 3 000 postbod mistar jobben allereie 1. juli 2027.
Fagforbundet meiner det finst eit betre alternativ: ein statleg finansiert, landsdekkjande dørterskelteneste som prøveordning i tre år. Dørterskeltenesta inneber at personar over 75 år får post og viktig informasjon frå kommunen og andre aktørar levert på døra éin dag i veka. Ordninga er prøvd ut i ni kommunar.
Fagforbundet meiner ho kan bidra til auka tryggleik for eldre, mindre digital utanforskap, sterkare beredskap og til å bevara Postens landsdekkjande fysiske nettverk.

Praktisk:
- Markeringa startar kl. 15:00 på Torgallmenningen i Bergen Sentrum
- Ta gjerne med faner.
- Posttilsette medlemmer er dei som blir oppmoda til å delta i sjølve den politiske streiken. Andre medlemmer og støttespelarar er svært velkomne til markeringa
- Det er også planlagt markeringar i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Oslo, og fleire stader kan komma til.
- Møt opp og vis solidaritet med dei posttilsette – og bli med i kampen for å bevara Posten som landsdekkjande infrastruktur og få dørterskeltenesta på plass.
Del gjerne arrangementet og inviter kollegaer, venner og andre som vil støtta saka