Til hovedinnhold

Meny

Bli med på årets lærlingpatrulje! Ung tillitsvald i Fagforbundet Vestland Keyty Planeta
Bli med på årets lærlingpatrulje! Ung tillitsvald i Fagforbundet Vestland Keyty Planeta (Foto: Fagforbundet Vestland)

I veke 46 og 47 skal LOs lærlingpatrulje reise rundt i heile Vestland for å sjå til at lærlingar har det bra i arbeidslivet og informere om rettane dei har som arbeidstakarar og lærlingar.
Målet med LOs lærlingpatrulje er å:
  • auke forståinga for at lærlingar er ein del av det ordinære arbeidslivet, og at også lærlingar har behov for vern og det sosiale fellesskapet eit medlemskap i ei fagforeining gir.
  • få meir kunnskap om kvardagen til lærlingane som vi kan ta med oss vidare i arbeidet vårt.
  • formidle vidare kva spelereglar som gjeld i arbeidslivet. Ved å gi fleire lærlingar informasjon og gode verktøy skal vi sørgje for at læretida blir så god som mogleg.
  • rekruttere fleire lærlingar til LO og ungdomsarbeidet i forbunda.
Ved å delta i LOs lærlingpatrulje blir du kjend med mange andre ungdomar som er medlemmar i eit LO-forbund, og du får vere med på eit viktig arbeid som bidreg til eit trygt og godt arbeidsliv for lærlingar i Noreg.
Det er ingen krav om forkunnskapar for å delta i LOs lærlingpatrulje. LO vil gi deg den nødvendige kunnskapen gjennom kurs før patruljen tek til.
I påmeldingsskjemaet finn de eit spørsmål om «Avklart deltaking» og kven deltakinga er avklart med. Dette spørsmålet er lagt inn av omsyn til budsjettering og dekking av kostnader knytt til patrulje. Derfor er det viktig å avklare med nærmaste leiar og underteikna før ein melde seg på.
Meld deg på LOs Patruljeløsning
 
 
Lo
->Lo (Foto: LO)
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?