Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Medlemmar i Fagforbundet får no 30% rabatt på kurs, medlemsskap og produkt frå Akuttundervisning. Er du elev, lærling eller student? Da får du 50% rabatt!

Medlemmar får no rabatt på Akuttundervisning
Medlemmar får no rabatt på Akuttundervisning (Foto: Fagforbundet/Akuttundervisning)

Akuttundervisning tilbyr helsefaglege kurs digitalt som rettar seg mot helsepersonell og studentar og lærlingar innan helsefag.

– Vi veit at våre medlemmar er veldig opptekne av faget sitt, og det er viktig for oss i Fagforbundet å kunne bidra med fagleg påfyll, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet som sjølv er sjukepleiar og hjelpepleiar.

Iren Mari Luther.
->Iren Mari Luther. (Foto: Werner Juvik)

Ho trur Akuttundervisning kan bli eit populært tilbod, både for yrkesaktive og studentar/lærlingar.

– Akuttundervisning har kurs som treff arbeids- og studiekvardagen. Dei er konkrete og anvendelege, og mogleg å gjennomføre i ein travel kvardag, seier Luther.

Står i krevande situasjonar

Fredrik Hoff Nordum
->Fredrik Hoff Nordum (Foto: Akuttundervisning)

– Helsepersonell står i kravande situasjonar kvar einaste dag, der gode vurderingar må takast raskt og med tryggleik, seier Fredrik Hoff Nordum, lege og grunnleggjar av Akuttundervisning.

– For oss i Akuttundervisning er det viktig å kunne bidra til fagleg utvikling av helsepersonell og studentar som faktisk gjer ein forskjell i klinisk praksis, og samtidig gi rom for en læringsform som engasjerer og motiverer, fortset han.

Tilgjengeleg no

Tilbodet er tilgjengeleg no. Som medlem i Fagforbundet treng du berre å logge inn på «Medlemsfordeler» på «Min side», og så skrolle ned til overskrifta «Akuttundervisning». Der finn du rabattkoden. Så er det berre å bestille kurs, medlemsskap eller andre produkt på Akuttundervisning.no. Meir informasjon om tilbodet finn du på fagforbundet.no/akuttundervisning.

Gir utteljing i fagstigen

Kurs i regi av Akuttundervisning gir utteljing i Fagforbundets kliniske fagstige. Gjennom fagstigen kan du dokumentere kompetanse du har oppnådd utenfor det ordinære utdanningssystemet, som f.eks. gjennom yrkesrelevante kurs.


Les også

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?