Ungutvalet i Vestland har den 11-12.april samla lokale ungtillitsvalde på Voss for temakurs ung.
Flotte to dagar med flinke og delaktige deltakara.
Målet med dette kurset var at dei ungtillitsvalde skal bli kjent med organisasjonen, få kunnskap om å bli trygg i rollen som ungtillitsvald og korleis oppgåver som ligge til vervet.
Me fekk besøk av Emma Sandø Brekstad frå det sentrale ungutvalet.