Sak 1
Styret i Fagforbundet avd. 472, Lærdal, legg fram forslag om endring i honorar i styret.
Vi har samanlikna honorara i Lærdal med Fagforbundsstyrer i kommunane rundt oss. Der ser vi at det er meir differensiert enn vi har hatt.
Vi legg opp til 6 møter i året, og medlemmane i styret må møte på 5 av desse for å motta honorar. Det er også venta at medlemmane i styret bidreg meir, og gjer dei oppgåvene som dei er tildelt etter vedtektene. Håpar på denne måten å skape eit større engasjement rundt det viktige arbeidet styret skal gjere.
Sak 2
Bidrag.
Styret i Fagforbundet avd. 472, Lærdal, føreslår å gi kr. 5000,- i støtte til palestinske barn Norway Cup 2025. Støttegruppa for Palestinsk Fotball søkjer om økonomisk støtte til palestinske barn for deltaking på Norway Cup 2025.
Sak 3
Styret i Fagforbundet avd. 472 Lærdal ber om fullmakt til å bruke kr 70 000,- av oppsparte midlar til 50-årsmarkering av Fagforbundet Lærdal.
Vi ønskjer å markere at Fagforbundet Lærdal er 50 år i 2025 med ein festmiddag/markering i løpet av sein haustes.