Til hovedinnhold

Streik i NHO-barnehagar

Det står ikkje på streikeviljen hos medlemmene våre!

Det står ikkje på streikeviljen hos medlemmene våre! (Foto: Jeron Joseph)

Tilsette i private barnehagar organisert i NHO er i streik. Me er i ein streik for rettferd. Barnehagetilsette er på ingen måte blant lønnsvinnarane i Noreg og me krev berre dei same pensjonsvilkåra som er vanleg i kommunale og andre, private barnehagar.

24.02.2023 av Jeron Joseph
Sist oppdatert: 25.02.2023

Fredag 24. februar stilte tilsette frå Ås barnehage ved Stord rådhus. Her var det fleire som møtte opp i solidaritet med dei streikande. Frå Fagforbundet Vestland stilte fylkesleiar - Ørjan Myrmel, yrkesseksjonsleiar i kyrkje, kultur og oppvekst - Knut Remi Heimvik og ungdomstillitsvald - Jeron Joseph.

Ørjan samanlikna ulike streikar. Alle hadde til felles, streik for ein derfor hybridpensjon.
Ørjan samanlikna ulike streikar. Alle hadde til felles, streik for ein derfor hybridpensjon. (Foto: Jeron Joseph)

Eit breitt lag med ulike fagforeiningar og organisasjonar møtte opp. LO Bergen og omland, LO i Sunnhordaland, Utdanningsforbundet, El og IT, Heismontørene og mange fleire. Alle samd om det same: NHO må tilbyr ein innskotspensjon som gir lik pensjonsutbetaling for kvinner og menn, og som er livsvarig!

Leiar for LO Bergen og omland, Fauzia Hussain-Wiik oppmuntra dei strekande til å halda fram.
Leiar for LO Bergen og omland, Fauzia Hussain-Wiik oppmuntra dei strekande til å halda fram. (Foto: Jeron Joseph)
;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?