Til hovedinnhold

Fyrste helsefagarbeidarkonferanse i Vestland

Bilete av deltakarar på Fagforbundet Vestland sin helsefagarbeidarkonferanse

Bilete av deltakarar på Fagforbundet Vestland sin helsefagarbeidarkonferanse (Foto: Fagforbundet)

Vestland fylkeskrets gjennomførte sin fyrste faglege konferanse for helsefagarbeidarar. – Me er svært nøgd, seier leiar i Fagforbundet yrkesseksjon helse og sosial i Vestland, Sigrun Bøe Perez

18.01.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 19.01.2023

– Det er eit behov for gode faglege tilbod for helsefagarbeidarar, seier Perez

Initiativet for konferansen kom frå styret i yrkesseksjon helse og sosial i Vestland. Dei så eit behov for fleire faglege tilbod for helsefagarbeidarar, og eit ynskje om å kunne møtast etter nokre år kor det meste hadde vore digitalt.

– Gode fagtilbod for helsefagarbeidarar handlar om å anerkjenne og respektere desse fagfolka, konstaterer Perez

Ho visar til at den viktigaste ressursen i helsetenesta er fagfolka.

– Men då må ein satse på fagfolka. Byggje kompetanse, anerkjenne kompetanse og leggje til rette for at ein kan utvikle seg som fagperson, seier Perez

Håpar på fleire

Perez vil gjerne gjere dette fleire gangar.

– Tilbakemeldingane har vore positive. For meg som politisk vald er det òg utruleg motiverande å få bruke to dagar saman med dyktige fagfolk i to dagar, seier ein tydeleg engasjert Perez

Oppgåvedeling er viktig for ho.

– Utviklinga med meir fokus på oppgåvedeling, og meir fokus på fagkunnskap er svært positiv. Men då treng me òg fleire kurs og konferansar for helsefagarbeidarane, seier ho.

Fagleg solid konferanse

Konferansen hadde mange forskjellege tema. Tysdagen snakka Jørgen Østensjø, lege ved medisinsk klinikk på Haukeland sjukehus, om «den eldre nyra», og korleis oppdage nyresjukdomar og grunnleggjande om behandling. Etter dette snakka Malin Mandelid Kleppe, rådgjevar ved poliklinikk for overvekt ved Haukeland, om underernæring og overvekt hos eldre. Nestleiar i Fagforbundet yrkesseksjon helse og sosial, Helge Sporsheim, snakka om kva Fagforbundet jobbar med for helsefagarbeidarar og faglege tilbod.

Dag to starta med undervisning i sepsis, ved Christine Tonning som er spes. sjukepleiar ved akuttmottaket på Haukeland Sjukehus. Sebastien Von Hacker og Evy Gangstø Steinsei snakka om palliasjon og kommunikasjon. Sist ut var Eskild Hustvedt, rådgjevar i yrkesseksjon helse og sosial, som snakka om oppgåvedeling.

– Bruk fagskulen!

– Kurs og konferansar er bra, men det er òg viktig at kommunar og sjukehus legg til rette for at helsefagarbeidarar kan ta vidareutdanning, meiner Perez

– Fagskulane står klare med mange gode, relevante utdanningar, og ved å samarbeide med fagskulane kan ein òg få laga nye, spissa, vidareutdanningar som er tilpassa praksisfeltet. Samstundes må arbeidsplassane leggje til rette for at helsefagarbeidarane kan ta vidareutdanning. Sats på fagfolka!, avsluttar Perez

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?