Til hovedinnhold

Klubbmøte i Breim barnehage

Sak på klubbmøte Lokale forhandlinga 2021.

09.07.2021 av Tone-Kristin Morken
Sist oppdatert: 09.07.2021

1.Juli vart det arrangert klubb møte i Breim barnehage. HTV var invitert for å snakke litt om mellomoppgjeret, og for å ta ein gjennomgong med medlemmane på kva saker vi bør fremje ved lokale forhandlingar til hausten. Til tross for stålande vær, vart det bra oppmøte. Forpleininga var det heller ingen ting å utsetje på, tillitsvalt Ruth Fuglestrand trakterte oss med kaffi og dei herlegaste sveler, Fagforbundet lokalt bidrog med Fagforbundets karamellar. Konklusjonen etter møtet er at det var både nyttig og kjekt og treffast, eit godt møte der praten gjekk lett.

Litt informasjon:  

Sidan det ikkje vert høve til å besøke alle klubbane innan KS området før Innleiande drøftingsmøte lokale forhandlingar 2021, vil det bli sett opp medlemsmøter torsdag 19.august i Heradsstyresalen. Saker på møtet vil være mellomoppgjeret og kva saker vi bør fremje ved lokale forhandlingar. Det vil bli lagt ut meir informasjon angåande dette i august.

 

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?