Til hovedinnhold

Medlemstur til Aalesund-informsjon til dei som skal på tur

23-25 august er det tid for medlemstur til Aalesund.Litt informasjon om turen ligg her, enten som tekst eller som PDF vedlegg som du kan laste ned å skrive ut eller lagre på tlf/pc

22.05.2019
Sist oppdatert: 14.08.2019

Til turdeltakarane – til Ålesund 23. -25.august 2019.

Hei.

Avreisedagen nærmar seg, og her kjem litt informasjon om turen til dykk.

23.august. Avreisedag.

Avreise frå Luster ved ved buss-stoppet ved skulent ca.kl. 15.15.

Gaupne ved Bussholdeplassen ca. kl.15.30 og Hestnes på Hafslo ca. 15.50.

Bussen køyrer ikkje innom Lambhaug eller Hafslo sentrum.

Ein kan ta bussen frå riksvegen ved buss-stopp, men då må de gje beskjed på SMS til Svein Tore telefon 99539746om kor de vil stige om bord slik at vi veit kor vi skal stoppa.  Vi håpar å vera framme i Ålesund mellom kl. 21.00- 22.00.

I tillegg til 2 fergeovergangar prøver vi legga inn ein liten pause på turen. Vi har ikkje planlagd servering fredagen, så ta med mat/drikke til turen. Så får ein kjøpt mat når vi kjem fram

24.august, laurdag.

Ikkje noko fast program. Det er Matfestival i byen, sikkert «valkamp» og mykje anna å finna på.

Kl. 19.00  vert det felles middag på hotellet. Vi får servert Entrecote/ytrefilet  m. tilbehør og ostekake med bær. Drikke til maten må ein betala sjølv. Etter middag finn vi på noko, reiser på byen eller ?

Søndag 25.august. Heimreisedag.

Vi et frukost på hotellet og sjekkar ut.

Kl. 10.30 møter vi opp på bussen for avreise til Atlanterhavsparken.

Det er bestilt inngangsbilettar. Der er mykje å sjå så vi brukar tida der til vi avsluttar med lunsj før vi startar heimturen ca. kl. 14.30 -15.00

Til lunsj får vi Fiskesuppe med brød, kaffi og kake.

 

Betaling for turen: Det vert utlevert Faktura til alle deltakarane på bussen.

Ta med mykje godt turhumør. Dette vert moro.

 

Beste helsing

Turgruppa

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?