Til hovedinnhold

Set krav til ambulansevikarar!

Iren Luther, leder i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

Iren Luther, leder i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet (Foto: Werner Juvik)

Fagforbundet har vore på møte med helsedirektoratet om ny rettleiar for vikarar i ambulansetenesta.

12.01.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 06.02.2023

Endringane i akuttmedisinforskrifta våren 2022 skapte mykje uro i tenestene fordi ein reduserte krava til vikarar.

– Det er viktig at dei som jobbar i ambulansen er trygge på kompetansen til vikarane dei skal jobbe saman med, seier Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Rettleiaren skal definere det litt utydelege uttrykket «naudsynt ambulansefagleg kompetanse» som forskrifta krev.

Fagbrev eller bachelor

– Vi meiner jo at det som eigentleg er den naudsynte kompetansen for å jobbe i ambulanse er eit fagbrev i ambulansefaget eller ein bachelor i paramedisin, konstaterer Luther

– Eventuelt òg paramedisinstudentar som har fullført 2. studieår (på fulltid) eller lærlingar i ambulansefaget som har fullført 1. året i lære, fortset ho

Unntaka for vikarar som ein legg opp til meiner ho at ein berre skal nytte som ei kriseløysing, og berre i svært avgrensa periodar.

– Viss ein må nytte unntaka frå hovudregelen for å dekke opp for eksempel ferier, då har ein kanskje i utgangspunktet for låg grunnbemanning. Feriane veit ein at kjem, kvart år, seier Luther

Kompetanse

Av grunnleggjande kompetanse nemner Luther kompetansebevis for utrykkingskøyretøy (160).

– Vi meiner at 160 er svært viktig, og jo meir ein reduserer dei faglege krava jo viktigare er det at vikaren kan køyre utrykking, seier ho

Fagforbundet meiner at sjølv vikarar som jobbar på unntak må ha brei akuttmedisinsk kunnskap. Luther nemner mellom anna å kunne nytte utstyret på bilen og bidra som assistent i mange prosedyrar.

Ikkje eit økonomisk tiltak

Luther ser for seg at det er to situasjonar ein kan ha ynskje om å nytte unntaka. Det eine er når ein ikkje får tak i folk, og det andre er når økonomien er stram.

– Her skal vi vere tydelege, det er heilt uakseptabelt å nytte unntaka i forskrifta for å spare pengar. Dette skal hindre at ein må la ambulansar stå fordi ein ikkje har folk, ikkje bidra til å redusere utgifter, konstaterer Luther

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?