Til hovedinnhold

Feira Noregs fyrste sterilforsyningsdag

Ei kake av typen "kvit dame" med ein Fagforbundet Helse Bergen logo på, og teksten "Gratulerer med dagen Sterilforsyningsteknikere 10.04.2024"

Kake frå Fagforbundet Helse Bergen i høve Sterilforsyningsdagen 2024 (Foto: Fauzia Hussain-Wiik)

Sterilforsyningsteknikarane ser ein sjeldan om ein er pasient på sjukehusa, men store deler av drifta hadde stoppa opp om dei ikkje hadde vore der. No har dei fått sin egen dag.

12.04.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 12.04.2024

– Det finaste med å få vår eigen dag er at vi føler oss sett. At folk veit at vi er der og at vi jobbar på i kulissane for at behandlinga skal gå trygt og som planlagd, seier Lise Naustdal. Ho er sterilforsyningsteknikar og tidlegare tillitsvald for Fagforbundet på Haukeland Universitetssjukehus.

10. april vart sterilforsyningsdagen feira for fyrste gang, av tillitsvalde, tilsette og helseføretak i heile landet.

– Vi er utruleg glade for at vi kan bidra til å synleggjere og feire denne viktige yrkesgruppa, seier ein nøgd Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Sjukehusets sølvtøy

Fagforbundet Vestre Viken feiret sterilforsyningsdagen
Fagforbundet Vestre Viken feira sterilforsyningsdagen (Foto: Line Frydenlund)

– Sterilforsyningsteknikarar tek seg av sjukehusets «sølvtøy». For å sikre god pasientsikkerheit er det veldig viktig at det eg høg kompetanse på handtering og vedlikehald av instrument, seier Line Frydenlund, sterilforsyningsteknikar og tillitsvald i Fagforbundet Vestre Viken.

Mange tillitsvalde i Fagforbundet har stått på for å feire sterilforsyningsteknikarane.

– Vi er godt nøgd med feiringa, og satsar på enno meir feiring til neste år, avsluttar Luther.

Du kan lese ei helsing frå Iren Luther og Fagforbundet i Fagbladet. I høve dagen har òg St. Olavs hospital laga ein video som forklarar kva sterilforsyningsteknikarane driv med, den kan du sjå på Facebook.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?