Til hovedinnhold

Feira overgangsordning på sjukehuskonferansen

Leiar av yrkesseksjon helse og sosial, Iren Luther og faggruppeleiar Line Ernestussen, og leiar av Arbeidarpartiets helsepolitiske fraksjon på stortinget, Truls Vasvik.

Leiar av yrkesseksjon helse og sosial, Iren Luther og faggruppeleiar Line Ernestussen, og leiar av Arbeidarpartiets helsepolitiske fraksjon på stortinget, Truls Vasvik. (Foto: Ingrid Wergeland)

– Det er ein stor glede å stå her og kunne feire eit stort politisk gjennomslag for Fagforbundet, konstaterte Luther. Konferansen åpna med å feire årets store Fagforbundet-siger: overgangsordning til paramedisinar.

05.03.2024
Sist oppdatert: 07.03.2024

Leiar av yrkesseksjon helse og sosial, Iren Luther og faggruppeleiar Line Ernestussen var på plass saman med leiar av Arbeidarpartiets helsepolitiske fraksjon på stortinget, Truls Vasvik, og applausen stod i taket.

Ernestussen og Luther overrekte blomar til Vasvik som takk for arbeidet. Han framheva det gode samarbeidet og dei tydelege beskjedane frå Fagforbundet som ein av årsakane til at dei fekk dette til.

Kan bli enno betre

– Fagforbundet har no hatt ei brei intern høyring og me har fått mange tilbakemeldingar frå våre medlemmar, seier Luther.

Fagforbundet held på å ferdigstille høyringssvaret sitt no, og det baserer seg på desse innspela.

Faggruppeleiar Line Ernestussen er òg veldig nøgd med overgangsordninga, men meiner at den kan bli enno betre.

– No håpar eg at regjeringa vel å høyre på våre tilbakemeldingar sånn at ordninga vert enno betre, seier ho.

Meir om høyringssvaret til Fagforbundet kan du lese her.

Sjukehuskonferansen arrangeres årlig av Fagforbundet. Sjukehuskonferansen 2024 er i Drammen.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?