Til hovedinnhold

Lanserte standard for kunnskapsbasert oppdatering for helsefagarbeidarar

(Foto: Illustrasjon/Mostphotos)

– Ei anerkjenning av helsefagarbeidaren som fagperson, seier leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, Iren Luther

09.06.2023 av Ingvar Skjerve
Sist oppdatert: 09.06.2023

Standard Norge hadde 9. juni lanseringsseminar for den nye standarden «NS 6511 Systematisk og kunnskapsbasert faglig oppdatering av helsefagarbeidere». Dette er eit praktisk dokument som skal bidra til å gjere det lettare å sikre at helsefagarbeidarar får halde seg fagleg oppdatert.

– Vi veit at helsefagarbeidarar ofte ikkje får den tida dei treng til å halde seg oppdatert. Dei vart òg ofte forbigått når ein skal velje kven ein skal sende på kurs og konferansar. Sånn kan vi ikkje ha det, og vi håper at standarden kan bidra til at helsefagarbeidarar får den anerkjenninga og den tida dei treng, seier Luther

Fagforbundet har hatt ein representant i komitéen som har utarbeida standarden, rådgjevar i yrkesseksjon helse og sosial, Eskild Hustvedt.

– Resultatet er eit solid dokument som kan gjere arbeidet med fagleg oppdatering for helsefagarbeidarar enklare. Dyktige fagfolk er det viktigaste me har i helsetenestene. I ein travel kvardag er det viktig at ein likevel får tid til å halde seg fagleg oppdatert. No gler eg meg til at tenestene kan ta den i bruk og at me får eit løft for helsefagarbeidarane, seier Hustvedt

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?