Til hovedinnhold

Fritt sjukehusval og fritt behandlingsval: kva er forskjellen og kva meiner Fagforbundet?

Illustrasjonsbilde.

Illustrasjonsbilde. (Foto: Doug Olson / Mostphotos)

Fagforbundet feira at regjeringa avvikla fritt behandlingsval. Men kva inneber dette eigentleg?

16.03.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 16.03.2023

Det viktigaste i denne saka er at Fagforbundet er sterk tilhengjar av eit godt offentleg helsetilbod til alle, som i all hovudsak er skattefinansiert. Gode helsetenester skal ikkje vere avhengig av lommeboka. For å lukkast med dette treng me politisk styring og tenester i offentleg regi. Det er heilt vesentleg at alle skattepengane går til gode helsetenester, og behandling som fungerer.

«Fritt behandlingsval» gjorde at private kommersielle aktørar kunne opprette tilbod, utan å måtte dokumentere effekt og utan at sjukehusa har hatt høve til å kontrollere kvaliteten. Dette er dårleg bruk av det offentlege sine pengar, det gjer det vanskeleg for sjukehusa å drive kostnadskontroll og har gitt mange tenester med tvilsam kvalitet.

Kva er fritt behandlingsval?

Under «fritt behandlingsval» kan pasientar velje seg til private aktørar som har oppretta behandlingstilbod. Tilboda er oppretta utan å involvere sjukehusa, og eksisterer utanfor resten av helsetenesta. Det er ikkje krav til spesiell kvalitetskontroll, og sjukehusa kan ikkje velje bort private tilbod som ein meiner ikkje er gode nok, eller som ikkje passar med prioriteringane i tenesta elles. Fagforbundet er mot fritt behandlingsval, sjå detaljar om kvifor under.

Kvifor er Fagforbundet mot fritt behandlingsval?

«Fritt behandlingsval» er grunnleggjande ein privatiseringsreform. På overflaten er det eit tiltak for å sikre pasientar betre tilgang på helsetenester, og ser ut som noko bra – pasienten vel seg til det tilbodet som dei ynskjer og det offentlege betaler. Diverre skjuler det seg mange utfordringar under overflaten.

Under «fritt behandlingsval» kunne private kommersielle aktørar fritt opprette behandlingstilbod, med berre overflatisk godkjenning frå Helfo. Finansieringa til desse tilboda var helseføretaka ansvarlege for, og dei kunne ikkje motsetje seg at nokon oppretta tilbod. Dette gav private kommersielle aktørar eit direkte, ukontrollert sugerøyr direkte inn i helseføretaka. Sjukehusa sjølv kunne ikkje stoppe det, og hadde ingen kontroll med kor mykje pengar som gjekk ut. I ein stram økonomi gjer dette vanskelege prioriteringsoppgåver for sjukehusa enno vanskelegare. Ved å fjerne fritt behandlingsval får sjukehusa desse pengane tilbake og kan nytte dei på eigne tenester.

Helseføretaka kunne heller ikkje drive kontroll med desse aktørane. Det var difor berre ei svært overflatisk kvalitetskontroll, med den konsekvensen at somme av tilboda var av såpass tvilsam kvalitet at dei aldri hadde kunne eksistert i den offentlege helsetenesta. Det er svært dårleg bruk av dei avgrensa midlane som helsetenesta har.

Samstundes tappar private aktørar det offentlege for sårt tiltrengt personell. Dette er eit problem sidan den offentlege helsetenesta fokuserer på politisk prioriterte område, og sikrar at alle får behandling – det gjer ikkje ein ukontrollert privat sektor.

Kva er fritt sjukehusval?

Fritt sjukehusval inneber at pasientar som har rett på ei behandling kan velje mellom alle sjukehusa i Noreg som tilbyr behandlinga, og så er det deira lokale helseføretak som vart fakturert for behandlinga. Dette inkluderer òg private sjukehus som har avtale med eit helseføretak. Det er ein måte å utnytte kapasiteten i heile landet på ein betre måte. Fagforbundet er for fritt sjukehusval.

Kva er alternativet til fritt behandlingsval?

Det viktigaste er eit solid offentleg helsevesen, og det er nett dette «fritt behandlingsval» har gjort meir utfordrande enn naudsynt å få til. At regjeringa har fjerna «fritt behandlingsval» har ikkje i seg sjølv endra på rettane som pasientane har. Dei skal framleis ha behandling. Det inneber at helseføretaka anten må opprette tilbod i eigen regi, eller så må dei inngå avtalar med dei private aktørane som pasientane tidlegare fekk behandling hos gjennom fritt behandlingsval. Fagforbundet meiner at ein primært skal drifte behandlingstilbod i eigen regi, men sjølv å kjøpe tenester av private direkte er mykje betre enn det var under «fritt behandlingsval», rett og slett fordi helseføretaka har kontroll over økonomien og høve til å drive kontroll med kvaliteten på tilboda.

Kva meiner sjukehusa?

Leiarane for dei regionale helseføretaka gjekk ut i eit innlegg i Dagens Medisin 2. desember 2022 under overskrifta «Vi støtter avviklingen av Fritt behandlingsvalg». I innlegget peikar dei mellom anna på kvalitetskontroll av behandlinga, det økonomiske for helseføretaka og uklare ansvarsforhold.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?