Til hovedinnhold

Julelunsj på Sogndal VGS

Det blei ein koselig og smakfull julelunsj på Sogndal vgs sist veke.

Det blei ein koselig og smakfull julelunsj på Sogndal vgs sist veke. (Foto: Raymond Lind)

Fagforbundet Sogndal inviterte medlemmar på Sogndal VGS til ein enkel julelunsj fredag 16. desember.

19.12.2022 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 19.12.2022

Det blei ein koseleg stund då Fagforbundet Sogndal inviterte til ein uformell julelunsj på Sogndal VGS sist veke. Leiar i fagforeininga fekk med seg den kommunale HTV’en Siv Laila Eriksen på dette besøket der me fekk bli litt beire kjent med dei fylkeskommunale medlemmane innan reinhald.

Organisasjonsgraden på reinhald på Sogndal VGS er svært god, noko som også blei reflektert gjennom oppmøte på lunsjen. Medlemmane på Sogndal VGS blir fylgt opp av Fagforbundets HTV på fylket, Dagmar Hillestad, som dessverre ikkje kunne delta denna dagen. 

På menyen stod lokalprodusert mat frå Ellevilt, julebrus og julemarsipan. Levende lys, dunkel belysning og godt selskap sørga for at det blei ein triveleg lunsjavslutting på ei lang veka. Alle dei som møtte opp var einige om at ein slik lunsj er noko Fagforbundet Sogndal må gjennomføre oftare.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?