Til hovedinnhold

Ny vri på julehelsinga frå Fagforbundet Sogndal

Ny vri på Julehelsinga frå Fagforbundet Sogndal

Ny vri på Julehelsinga frå Fagforbundet Sogndal (Foto: Robin Lund)

Nærmare 450 yrkesaktive medlemmar og lærlingar fekk sist veke SMS frå Fagforbundet Sogndal med informasjon om julehelsinga 2022.

19.12.2022 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 19.12.2022

Den tradisjonelle julekorga som kvart år delast ut på den einskilde arbeidsplass er i år bytta ut med ein gratis kinobillett. Alle dei yrkesaktive medlemane og lærlingane tilhøyrande Fagforbundet Sogndal fekk føljande SMS med instruksjon om korleis gå fram for å få denne gåva.

«Fagforbundet avd 547 Sogndal gir gratis kinobilett på Sogndal kulturhus eller Friberg kino som julehelsing i år. Tilbudet er gyldig 15.12.2022 til 15.01.2023.

Ein må kjøpe billett i skranken og vise fram namn og medlemsnummer for å få ein gratisbillett. Det er lett tilgang til medlemsnummer via appen til Fagforbundet.

Me håpa at gåva vert godt motteken og at alle får ein fin jule- og nyttårsfeiring.

Helsing styret i Fagforbundet Sogndal."

Me gjer merksam på at gåva på ein gratis kinobilett gjeld kun medlemmar som er yrkesaktive-/ lærlingar som er tilknytt Fagforbundet Sogndal, avd 547!!!

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?