Til hovedinnhold

Dela ut nærmare 1000 refleksar på nokre timar

Fagforbundet Sogndal markerte refleksdagen 2022 med å dele ut 1000 refleksar

Fagforbundet Sogndal markerte refleksdagen 2022 med å dele ut 1000 refleksar (Foto: Svein Harald Hovland)

Refleksdagen blei markert over heile landet torsdag 22. oktober og Fagforbundet Sogndal deltok i markeringa.

29.10.2022 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 29.10.2022

Fagforbundet Sogndal  delte ut nærmare 1000 Fagforbunds- og LO Favør refleksar på nokre timar på refleksdagen sist veke. Markeringa fann stad i Sogndal, Balestrand og Leikanger. Det var berre blide folk som kom forbi så tidleg på morgonen, seier Svein Harald Hovland. Han sit i fagforeiningsstyre som Fane II ansvarleg, men tok og på seg ein koordinerande rolle for markeringa av refleksdagen.

Målet med refleksdagen er å få folk til å bruke refleks slik at dei blir synleg i trafikken og ikkje hamnar i ei ulykke. Fagforbundet Songdal er såleis glad for å bidra lokalt til å synleggjere dei mjuke trafikantane og tilbakemeldingane me har fått har kun vore positive.  Refleksane vart det ut i kommunale bustadar, i barnehagar, på aktivitetssenter, på nedsida av billaget i Sogndal og elles der kor våre folk møtte barn og vaksne rundt omkring i heile kommunen.

Det var berre blide ungar og vaksne me møtte og som mottok refleks denne dagen. Kjempekjekt å få dele ut, sei Hege Orrestad som og deltok i uttdelinga av refelksane saman med fleire andre frå styret. 

Dette blei ei vellukka markering og leiar i Fagforbundet Sogndal takkar alle som deltok i markeringa:-)

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?