Til hovedinnhold

Spørjeundersøking om oppgåvedeling i sjukehus

Illustrasjonsbilde (Solveig Håbetsås og Tara Ghods).

Illustrasjonsbilde (Solveig Håbetsås og Tara Ghods). (Foto: Birgit Dannenberg)

I forbindelse med eit kartleggingsarbeid om oppgåvedeling mellom helsefagarbeidarar og andre yrker på sjukehus har Fagforbundet sendt ut ei spørjeundersøking til medlemmane.

17.06.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 27.06.2022

Analyseselskapet Oslo Economics skal, på oppdrag frå Fagforbundet, Delta og Spekter kartleggje erfaringar med oppgåvedeling mellom helsefagarbeidarar og andre personalgrupper på sjukehus. No er ei spørjeundersøking sendt ut til alle medlemmer i Fagforbundet som er helsefagarbeidarar og jobbar på sjukehus i Spekter-området (alle offentlege, og somme private sjukehus).

Oppmodar til å svare

Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet er oppteken av at flest mogleg medlemmer svarer på undersøkinga.

– Det er viktig at vi får fram korleis det er for de som faktisk har skoa på, seier ho

Kartlegginga skjer som eit resultat av at ein i hovudoppgjeret i 2020 avtalte at ein skulle sjå på oppgåvedeling på sjukehusa, og korleis ein kan nytte kompetansen til helsefagarbeidaren best mogleg. Det har vore ein tendens over tid at oppgåver har blitt flytta over på mellom anna legar og sjukepleiarar. Dette er ein utvikling som Fagforbundet ynskjer å snu.

– Våre helsefagarbeidarar som jobbar på sjukehusa melder om at deira kompetanse ikkje vart utnytta godt nok – dette må me sjølvsagt gjere noko med, avsluttar Luther

Frist for å svare var 26. juni

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?