Til hovedinnhold

Leserinnlegg i Sogn Avis 20.01

Det har vore mykje skriveri i media vedrørande nedskjeringar ved Helse- og Omsorgssenter i Sogndal kommune, og det med rette. Fagforbundet Sogndal syns prosessen og involvering av dei tillitsvalte ikkje har vore god nok og då er det ikkje anna å vente enn at det skapar frustrasjon, engasjement og oppgittheit hos tilsette og dei ulike forbunda. Nedafor kan du lesa innlegget publisert i Sogn Avis, der Fagforbundet Sogndal adressera betydninga eit godt partsamarbeid har i større og mindre saker som angår våre medlemar.

20.01.2022 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 20.01.2022

Samskaping og involvering

Fagforbundet Sogndal skal ta vare på alle medlemmar som er tilsett i kommunen. I dette tilfelle dei reinhaldarane som er organisert under SHOS, men også dei som er organisert under plan. Me har difor vore litt avventande med å uttala oss offentleg om denne saka, men vit at dette har vore diskutert i alle ledd av forbundet lokalt. Me ynskjer ikkje å vera eit forbund som bidreg til meir splid og uro, men eit forbund som manar til partssamarbeid og rett bruk av ressursar.

Sunne, gode og opne prosessar er viktige i ein organisasjon som Sogndal kommune, og då spesielt når det er snakk om nedbemanning, endringar av arbeidsoppgåver, konkurranseutsetjing osv. Gjennom gode prosessar, reell involvering og drøfting med dei tillitsvalte, vil det vere lettare å akseptere eit vedtak som går mot arbeidstakarens og dei tillitsvalte sine ynskjer og forhåpningar. Blir sakar derimot bestemt over hovudet på dei tilsette og organisasjonane, er det ikkje anna å vente enn at det utløyser ein del støy, uro og engasjement i avisa.

Me håpar det høyrer fortida til at enkelte gonger blir dei tilsette og tillitsvalte informert om endringar via oppslag i media, på ryktebørsen, eller på eit så seint tidspunkt at det kjennes som om vedtaket blir tredd ned over hovudet til arbeidstakaren utan prosess.

Fagforbundet er såleis glad for at dei tillitsvalte no involverast i fleire pågåande prosessar og me håpa det viser ein administrasjon som no tek partsamarbeidet meir alvorleg enn det me og andre organisasjonar har vore vitne til dei siste åra. Det finns mange gode leiarar i kommunen som gjer ein framifrå jobb med å involvera dei tilsette og deira organisasjonar, og me ser fram til at ei slik involvering blir gjeldande i alle einingar i kommunen.

Fagforbundet Sogndal meiner eit sterkt partsamarbeid er nøkkelen til suksess. Den gir kommunen og administrasjonen nødvendig ro og tillit til å løyse dei oppgåver dei må løysa på ein god og ansvarleg måte, samstundes som dei tillitsvalte får ein reel moglegheit til å delta i drøftingane. Nokre gonger blir utfallet i tråd med kva arbeidstakaren og me som organisasjon ynskjer og andre gonger ikkje. Sånn må det og vere, men det som betyr noko er at prosessen har vore god heile vegen frå start og fram til endeleg vedtak.

Visjonen «Samskapande, Open, God og Nyskjerring» som blei vedteke i 2021 er ein flott visjon for Sogndal kommune. Måtte denne visjonen gjennomsyre heile organisasjonen, det vil seie politisk leiing, administrasjon og tilsette, slik at me saman og gjennom gode transparente prosessar kan løfta kommunen mot nye høgder i åra som kjem.

 

 

Artikkelen bli publisert i Sogn avis 20.januar og du kan lesa den på: https://www.sognavis.no/samskaping-og-involvering/o/5-115-748896

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?