Til hovedinnhold

Fotsporvandring i Sogndal

Styret i Fagforbundet trår til og arrangerer Fagforbundets fotsporvandring i Sogndal 1. september. Med dette arrangementet ynskjer styret å skape litt merksemd rundt fagforbundet lokalt.

26.08.2021 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 26.08.2021

Fagforbundet Sogndal arranger Fotspor for alle onsdag, 1. september, kl 15.00. Kom aleine eller med heile familien og delta på ei koseleg vandring med start og slutt i sentrumsparken. Det hele skjer gjennom Fotsporappen, utvikla av HVL, og ruta er krydra med små postar som engasjerer liten og stor. 

Styret i Fagforbundet stiller med gratis pølse i brød/lomper til dei som går ruta. Ved fullført vandring ventar det is til alle barna, og sjølvsagt kaffi og sveler til dei vaksne. Alle dei vaksne som fullfører vandringa er med i trekninga av eit gåvekort på 500 kr på Sogningen storsenter + ein heil del andre premiar.

Mat og sjølve koden til Fotsporappen får du i sentrumsparken der Fagforbundet sin bubil står parkert. Som fylje av korona oppfordrast alle til å halde minst ein meter avstand til kvarandre under arrangementet og elles.

Vell møtt og ta gjerne med deg ein ven eller 10. Dette blir kjekt, smakfullt, uformelt og ikkje minst triveleg. Dersom det blir ein suksess arrangerast tilsvarande arrangement i Leikanger og Balestrand ved ei seinare anledning😊

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?