Til hovedinnhold

Emma er noregsmeister i helsearbeidarfag!

Emma Straub vann yrkes-NM i helsearbeidarfaget 2022

Emma Straub vann yrkes-NM i helsearbeidarfaget 2022 (Foto: Eskild Hustvedt)

Lærling i helsearbeidarfaget Emma Straub vann yrkes-NM i helsearbeidarfaget i Kristiansand.

29.09.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 06.10.2022

">yrkessidene for helsefagarbeider

Varierte oppgåver

Meisterskapet gjekk av stabelen 26. – 29. september i Sørlandshallen i Kristiansand.

Deltakarane starta konkurransen på tysdag med ei oppgåve frå heimesjukepleia, kor dei hadde ein brukar som hadde gjennomgått eit slag og hadde afasi. Dei hjelpte han med mellom anna påkledning, opptrening og ernæringsrettleiing.

Dag to var ein situasjon frå sjukehus med ein pasient som var nyoperert med utlagt tarm. Her skulle deltakarane mellom anna stelle stomi, ta målingar og rettleie både pasienten og pårørande.

Siste dagen var det ei akuttoppgåve. På eit treningssenter fekk ein person eit krampeanfall. Deltakarane måtte gjennomføre fyrstehjelp, kontakte 1-1-3 og ta vare på venen til den som fekk anfallet. Her hjelp ambulanse-lærlingane til for å gjere det så realistisk som mogleg, og stilte i ambulanseklede, med båre og blålys.

Visar fram dyktige fagfolk

Yrkes NM vart arrangert annakvart år, men sist gang var i 2018. Arrangøren er organisasjonen worldskills, og konkurransen i helsearbeidarfag er eit samarbeid med Fagforbundet, Delta, Spekter og KS.

Deltakarane kvalifiserer seg i fylkesvise konkurransar, og vart så sendt vidare til å konkurrere i NM. I år var det litt færre deltakarar enn vanleg, 6 personar, på grunn av at pandemien gjorde det vanskeleg for mange fylker å arranger konkurransar.

Kurt Rønning, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet er likevel strålande nøgd.

– Vi er utruleg glade for få vere med på å arrangere yrkes-NM igjen. Det er ein flott måte å vise fram yrket og dei mange dyktige, unge fagfolka. Ekstra gøy er det sjølvsagt at eit Fagforbundet-medlem vant, seier ein smilande Rønning.

Mange fag

Sørlandshallen var full av forskjellege fag, som anten konkurrerte eller berre demonstrerte kva faga går ut på. Svært mange av desse kan organisere seg hos Fagforbundet.

– Det er viktig at vi er til stades på sånne arrangement. Organisering er ein naturleg del av norsk arbeidsliv, og då er det viktig at me er synlege for ungdom som vurderer yrkesfag, seier Rønning

I tillegg til helsearbeidarfag var det konkurranse i til dømes barne- og ungdomsarbeidarfag. På utdanningsmessa kunne ein få demonstrasjon av mellom anna ambulansearbeidarfag, frisørfag, hudpleiefag og ernæringsarbeidarfag.

Dei tre på pallen: Emma Straub (1. plass, i midten), Henrik Solberg Bølgenhagen (2. plass, t.v.)
Dei tre på pallen: Emma Straub (1. plass, i midten), Henrik Solberg Bølgenhagen (2. plass, t.v.), Thea Engvoll (3. plass, t.h.) (Foto: Eskild Hustvedt)
;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?