Ope møte om Demens

Ope møte om demens
Torsdag 8. oktober inviterer vi til ope møte om demens ved Knarvik vidaregåande skule. Det blir ein kveld med personlege erfaringar, kunnskap og høve til å stille spørsmål.
Møtet startar klokka 18.00 og varer til 20.00. Stad er Knarra ved Knarvik vidaregåande skule.
Vi har gleda av å få besøk av Torill og Werner Oset, som vil fortelje om korleis det er å leve med Alzheimers. Gjennom deira eigne erfaringar får vi eit innblikk i korleis sjukdommen kan påverke både den som får diagnosen og dei som står rundt.
Demens er noko som på ulike måtar kan råke mange familiar. Difor ønskjer vi å skape ein open møteplass der ein kan lytte, lære og få svar på spørsmål.
Etter innlegget blir det høve til å stille spørsmål og ta del i samtalen.
Ta med deg familien, ein ven, ein bekjent – eller heile omgangskrinsen – og bli med på ein interessant og viktig kveld om demens.
Velkomen!
Kontakt
Gunn-Tove Kalnes Skjervheim
Arrangør
Fagforbundet Alver