Til hovedinnhold

Ralf Einar Johannessen

Ralf Einar

Ralf Einar (Foto: Kari-Sofie Jenssen)

Ei positiv oppleving: Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane vil gjerne gjera om att bobilturneen ved neste val. I alle dei 13 kommunane bobilen var innom var opplevingane udelt positive.

15.10.2015 av Randi Tevik
Sist oppdatert: 28.10.2015

Ralf Einar har ei lang karriere som tillitsvalt. Han har vore innom både Norsk Hjelpepleierforbund og Norsk Kommuneforbund før han i 2003 vart opplær-ingsansvarleg i Fagforbundet. No er han fylkesleiar og med i forbundestyret, landsstyret og skoleringsutvalet. Han kjenner forbundet og sitt eige fylke godt. Han kan leksa om TISA, TTIP og EU når det trengs. Tunge politiske utfordringar til tross; Ralf Einar er ein munter mann som speler gitar og tar ein trall.

 

Auka engasjement

Turneen gav eit auka engasjement både i fylket og ute i fagforeiningane.

– Vi var synlege og vi møtte folk og politikere av alle slag og bobilen var god å ha som samlingsplass, fortel Ralf Einar.

Det var god bredde i aktivitetane, også utanom «bobilbesøka». Fleire fagforeiningar bruka sms for å varsle medlemmane om kva som skulle skje, og det var eit godt samarbeid med andre LO-forbund og dei politiske partia.

– Turneen vart oppdatert på Facebook, noko som er heilt nytt og veldig nyttig, meiner fylkesleiaren i Sogn og Fjordane.

Bli enda betre neste gong

Låg valdeltaking var det over heile landet, også i Sogn og Fjordane.

– Det må vi gjera noko med ved neste val, meiner Ralf Einar.

– Der lukkast vi ikkje.

Han ser og at det krevst mykje for å få folk til å møte opp.

– Vi hadde fire store konsertar med foredrag. Vi gjorde ein stor mobiliseringsjobb, trodde vi, men alt for få kom.

 

Fram mot 2017

Fagforbundet Sogn og Fjordane ligg i eit fylke som dei siste hundre åra har hatt ein flat kurve når det gjeld folketalsutvikling.

– Vi merker den aukande sentraliseringa godt i fylket vårt, og det har eg sterke synspunkt på, fortel Ralf Einar.

Tida fram mot stortingsvalet i 2017 vil vise kor viktig det er å snu sentraliseringa.

Kommunane i Sogn og Fjordane har liten eller ingen auke i folketalet, det betyr lågare inntekter til kommunen og færre tenester. Trongare tider betyr nye nedskjæringsrundar, leiting etter alternative måter å drifte og ofte anbud og privatisering.

– Det er ikkje ei utvikling eg ønsker for medlemmane våre, sier fylkesleiaren.

Skal det bo folk i distrikta kan ikkje den politikken som svekker beredskap, sykehus og skole få fortsette.

– Summen av dei prioriteringane som vert lagt fram i statsbudsjettet endrar Norge heilt, og det er strukturendringar folk i Sogn og Fjordane i alle fall ikkje ønsker, sier han.

– Til dømes vidaregåande opplæring; Strukturendring i 2014 kom som eit resultat ut av synkande elevtall og skolenedlegging i Luster. No kjem det endringar i inntektssystemet.

For Sogn og Fjordane betyr det at ein i eit 5-årsperspektiv må justera ned drifta med mange millioner, kanskje langt over 100.

– Det og mykje anna viser at det er nok å ta fatt i med den regjeringa vi har, og vi skal gjera vårt her i Sogn og Fjordane, lover ein engasjert Ralf Einar Johannessen.

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?