Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

– Nye vegar til meir kompetanse er positivt, så lenge ein byggjer vidare på kompetansen som allereie er i tenesta, seier Fagforbundets Iren Luther

Fagforbundets Iren Luther er positiv til spesialistgodkjenning for sjukepleiarar
Fagforbundets Iren Luther er positiv til spesialistgodkjenning for sjukepleiarar (Foto: Werner Juvik)

Du kan lese heile høyringssvaret til Fagforbundet på regjeringen.no.

Regjeringa har foreslått å innføre spesialistgodkjenning for sjukepleiarar innanfor dei åtte fagområda anestesi, barn, intensiv, operasjon, kreft, helsesjukepleie, jordmorfaget og psykisk helse, rus og avhengigheit. Ordninga liknar litt på legane si «lis-ordning», ved at ein jobbar ute i tenesta under spesialisering, og skal oppfylle spesifikke arbeidskrav i laupet av ein periode på 2 år.

– Dette er ei spennande vidareutvikling av utdanningssystemet for sjukepleiarar, seier Iren Luther, sjukepleiar og leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Forslaget frå regjeringa ligg tett opptil det Fagforbundet har meint om spesialistgodkjenning tidlegare.

– For oss har det vore viktig at ein må fylle spesialiseringa med innhald, og at det ikkje berre blir eit nytt namn på for eksempel ein mastergrad. Forslaget gjer nett det, ved at dei eksisterande vidareutdanningane er grunnlaget for å starte på ei spesialisering, men at sjølve spesialiseringa inneber noko meir, seier ho.

Slår ring om 90 studiepoeng

Regjeringa ber om at ein tek stilling til om det skal vere krav om mastergrad og 120-studiepoeng, eller om kravet skal vere 90-studiepoeng der dette er ei alternativ i dag, som t.d. innan kreftsjukepleie. Fagforbundets svar er tydeleg.

– Me slår ring om 90-studiepoengsutdanningane. Det er veldig viktig for oss at desse får bestå, og eg trur at viss kravet for å starte på ei spesialistgodkjenning er 120 studiepoeng så vil det vere kroken på døra for utdanningane med 90 studiepoeng, seier Luther.

Ho peikar på at desse utdanningane er svært populære.

– Mastergrad er bra, men me må anerkjenne at ikkje alle ynskjer å ta full master. Tenesta treng dyktige, praktiske klinikarar, då seier det seg sjølv at me ikkje kan stenge døra for a desse òg får høvet til å ta ei spesialistgodkjenning, seier ho.

Mindre kommunar og lokalsjukehus må med

Fagforbundet er litt uroa for at spesialistgodkjenning kan bli eit storbyfenomen.

– Større kommunar og store sjukehus har kanskje meir ressursar til rådigheit, og er meir spesialiserte. Me må sikre at ordninga ikkje blir ei storbyordning, men er tilgjengeleg for tilsette i heile landet, elles risikerer me å miste personell som ynskjer seg ei spesialistgodkjenning, seier Luther.

Må ta vare på heile laget

Det er òg viktig for forbundet at ein ikkje byggjer opp nye hierarki i tenesta.

– Helsetenesta har ein lei tendens til å byggje opp barrierar mellom tilsette. Dette har blitt betre dei siste åra, sjølv om det framleis er mykje å jobbe med her òg. Då er det viktig at me ikkje byggjar opp nye hierarki når ein innfører spesialistgodkjenning. Me er eitt lag, og det er saman me får til gode tenester for pasientane våre, seier Luther.

Fagforbundet meiner òg at ein må vurdere å utvide ordninga på sikt, t.d. til vernepleiarar.

– Vernepleiarar gjer ein viktig jobb, og står skulder ved skulder med sjukepleiarar og har mange av dei same pasientane. Det gir difor meining at ein på sikt utvidar ordninga til å gjelde desse òg, seier ho.

Helsefagarbeidarane er heller ikkje gløymd.

– Det viktige for helsefagarbeidarane no er at me får på plass ei standardisering for yrkestitlane ein oppnår ved vidareutdanning, og at me får på plass vidareutdanningar for desse på same nivå som bachelorgradar, avsluttar Luther.

Du kan lese heile høyringssvaret til Fagforbundet på regjeringen.no.

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?