Då hjelpepleiarutdanninga og omsorgsarbeidarutdanninga vart samla i det nye helsearbeidarfaget i 2006, var det eit viktig steg for å utvikle og styrke fagkompetansen i helse- og omsorgstenestene.
Men historia om dei faglærte pleiarane byrjar ikkje i 2006. Hjelpepleiarutdanninga blei oppretta i 1963. Utdanninga blei utvikla i nær tilknyting til sjukehusa, men blei frå 1979 ein del av den vidaregåande skolen.
Utdanninga blei utvikla på sekstitalet fordi ein såg at ein ikkje ville kunne fylle behovet for faglært helsepersonell i pleietenesta utelukkande med sjukepleiarar. Tanken var i utgangspunktet at det skulle vere ei midlertidig ordning, men då, som nå, auka behovet for helsepersonell stadig.
Frå hjelpepleiar og omsorgsarbeidar til helsefagarbeidar
Med Reform 94 blei hjelpepleiarutdanninga treårig, med praksis i mellom anna heimetenesta, sjukeheim og sjukehus, og førte til yrkeskompetanse og autorisasjon. Omsorgsarbeidarfaget blei òg etablert med Reform 94, med vekt på arbeid i heimetenestene og praktisk bistand, husstell og miljøarbeid. Utdanninga kombinerte skulegang med to års læretid.
Dei to utdanningane, hjelpepleiar og omsorgsarbeidar overlappa i stor grad. Det var vanskeleg å skilje mellom arbeidsoppgåvene.
Tidleg på 2000-talet blei derfor det nye helsefagarbeidarfaget utvikla for å sameine dei beste sidene ved begge. Frå omsorgsarbeidarfaget tok ein med læretida, medan det helsefaglege innhaldet i hovudsak bygde på hjelpepleiarutdanninga, noko som har blitt endå tydelegare dei siste ti åra. Resultatet blei eit fag med større vekt på pleie- og helsefagleg kompetanse, tilpassa ei meir kompleks helse- og omsorgsteneste.
Nordisk fenomen
Faglærde pleiarar er i hovudsak eit nordisk fenomen. Danmark har SoSu-assistentar, Sverige og Finland har undersköterskor og vi har helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar. I resten av Europa og verda, har ein stort sett sjukepleiarar med bachelorgrad og andre medarbeidarar utan formell kompetanse eller med kortare kurs. At det er ei utdanning på vidaregåande skole og ei innarbeida del av fag- og yrkesopplæringa er vi, men nokre få unntak som Luxembourg, aleine om.
Den høge kvaliteten på nordiske helse- og omsorgstenester kjem sjølvsagt først og fremst av at dei er skattefinaniserte og tilgjengelege for alle innbyggarar. Men ein anna grunn, er at me har generelt høgare kompetanse blant dei tilsette i sektoren. Fleire vegar til formell, helsefagleg kompetanse, gjer det sjølvsagt enklare å få fleire med slik kompetanse. Av alle dei særtrekka ved norske og nordiske helsetenester vi må taka vare på, er dette kanskje det viktigaste.
Framtida
Helsefagarbeidarar møter menneske i alle fasar av livet. Dei kjenner brukarane og pasientane, ofte over lang tid, og sit med viktig kunnskap om behova deira. Dette er kompetanse som ikkje kan erstattast av gode intensjonar eller ny teknologi.
Likevel blir kompetansen til helsefagarbeidarane brukt ulikt. Nokre stader får dei utvikle seg fagleg og ta ansvar i tråd med utdanninga si. Andre stader blir dei ikkje fullt ut anerkjende som fagarbeidarar. Samstundes står helse- og omsorgstenestene overfor store utfordringar med rekruttering, bemanning og tilgang på kompetanse.
Vi kjem ikkje til å løyse desse utfordringane utan å bruke kompetansen til helsefagarbeidarane betre.
Det krev meir enn å flytte oppgåver frå ei yrkesgruppe til ei anna. Det krev arbeidsplassar som legg til rette for fagleg utvikling, gode fagmiljø, forsvarleg bemanning og reelle moglegheiter til å påverke eiga arbeidssituasjon. Det krev og at helsefagarbeidarane får tid og rom til å gjere jobben sin skikkeleg.
Europeisk merkedag
26. november markerer Fagforbundet Den europeiske merkedagen for helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar og 20-årsjubileet for helsearbeidarfaget. Då skal vi også rette blikket framover. Kva skal til for at ein helsefagarbeidar har lyst til å stå i yrket om 20 år? Kva slags arbeidsplassar må vi byggje for å rekruttere fleire, halde på dei vi har, og sikre at kompetansen kjem pasientane og brukarane til gode?
Det har tatt tid, men samfunnet er på veg til å forstå det Fagforbundet forstod allereie på 60-talet og det er at me ikkje klarar å drifte ei helseteneste i verdsklasse utan helsefagarbeidarane.