Til hovedinnhold

Meny

Gunn-Tove Kalnes Skjervheim, Werner Oset, Torill Oset og Jeanett Fabricius Jul-Rasmussen
Gunn-Tove Kalnes Skjervheim, Werner Oset, Torill Oset og Jeanett Fabricius Jul-Rasmussen (Foto: Gunn-Tove Kalnes Skjervheim)

Torsdag 8. oktober 2026 arrangerte vi ein spennande og lærerik medlemskveld med demens som tema.

To av medlemmene våre, Torill og Werner Oset, delte ope og ærleg av sine eigne erfaringar med å leve med Alzheimers sjukdom. Gjennom forteljingane sine gav dei oss eit godt innblikk i korleis sjukdommen kan påverke både den som får diagnosen, og familie og vener rundt.

Det finst fleire ulike typar demens, og Alzheimers sjukdom er den vanlegaste. Ho utgjer om lag 60 prosent av alle demenstilfella.

Torill og Werner var svært opne om erfaringane sine og svarte på spørsmål frå salen. Det var kjekt å sjå at dei frammøtte var engasjerte og stilte mange gode spørsmål. Dette bidrog til ein fin dialog og ei betre forståing av korleis det kan vere å leve med Alzheimers sjukdom.

I løpet av kvelden fekk vi òg sjå to filmar som er produserte av Nasjonalforeningen for folkehelsen, og der både Torill og Werner medverkar. Filmane gav oss endå større innsikt i tematikken og sette erfaringane deira i ein viktig samanheng.

Vi vil takke Torill og Werner for at dei ville dele historia si med oss, og for at dei med openheit og engasjement bidrog til ein meiningsfull kveld. Slike møte er viktige for å auke kunnskapen om demens og skape større forståing for dei som blir ramma, og dei som står dei nær.

 

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?