Til hovedinnhold

Meny

Kinosal
Kinosal (Foto: Pexels - Tima Miroshnichenko)

Pensjonist- og uføreutvalet i Fagforbundet Alver inviterer pensjonist- og uføremedlemmer til eit hyggeleg arrangement på Nyheim Kino 21. oktober 2026 kl. 16.00.

Vi startar med påsmurde baguettar og kaffi eller te før vi benkar oss for å sjå årets villaste komedie – Pensjonskuppet!

Filmen handlar om Annema, som etter 40 år som lojal heimeverande kone får sparken – til fordel for ein yngre modell. Ho slår seg saman med Nina, ei karrierekvinne som har gått ut på dato i arbeidslivet, og Mona, ein ekte rebell. Saman bestemmer dei seg for å pensjonere seg frå lovlydnaden og planleggje eit nærast umogleg kupp: å rane sjølvaste Oljefondet!

Pensjonskuppet er ein ellevill komedie om ei høgst uventa førtidspensjonering, med humor, galskap og tre kvinner som ikkje har tenkt å finne seg i alt.

Vi har berre 80 plasser, så her er det førstemann til mølla som gjeld! Meld deg på innan 18. oktober 2026. Skriv inn følgjande adresse i nettleseren: https://pameldinger.no/e/3s48rn

Vi håpar at du blir med på ein triveleg ettermiddag med god mat, godt selskap og mykje latter!

Velkomen til eit hyggeleg arrangement med Fagforbundet Alver!

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?