Der yrkeskonkurransar er eit enkelttiltak for å rekruttere unge til yrket, tek Helsepersonellplan 2040 føre seg alt frå utdanning og kompetanse til digitalisering og bygningsmasse. Skal me lukkast er det fleire ting som må på plass.
Me må bruke heile laget betre
I helsetenesta finn du eit mangfald av yrkesgrupper. Det er ein styrke. Men me har ikkje vore gode nok til å sjå moglegheitene som ligg i dette. Autorisert helsepersonell korkje kan eller skal gjere alt. Oppgåver som ikkje treng deira kompetanse, og som kanskje til og med nokon andre kan betre, må flyttast for å lette på arbeidsmengda til helsepersonellet. Me må anerkjenne fagkompetansen til alle som jobbar i tenesta, og leggje frå oss det gammaldagse synet på at enkeltoppgåver høyrer til spesifikke profesjonar. Kompetanse og pasienttryggleik må få styre kven som gjer kva.
Bemanninga må vere god nok
Det er ei viktig forskjell på å «bruke kompetansen betre» og «å ha for få folk på jobb». Bemanninga må ha rom for fråvær, opplæring, fagutvikling og kompetanseutvikling. Det er ikkje mogleg å erstatte naudsynt bemanning med oppgåvedeling og omstilling. Minimumsbemanning er minimumsbemanning, ikkje maksimumsbemanning.
Me må byggje kompetanse
Det må vere nok kapasitet til å utdanne dei folka som tenestene treng. Det inneber òg at det må vere nok kapasitet på etter- og vidareutdanningar, uavhengig av om dei er på universitet, høgskule eller fagskule.
Ynsket om å få fleire fagarbeidarar inn i tenesta må ikkje gjere at kompetansekrava blir lågare. Me treng fleire kvalifiserte tilsette, men det er likevel kvalitet, fagleg forsvarlege tenester og pasienttryggleik som er det viktigaste.
Alt må gjerast saman med dei tilsette
Me er vand med å gjere ting på nye måtar i helsetenestene. Helsefaga utviklar seg fort. Men ein kvar endring er avhengig av ein ting, nemleg at dei tilsette blir involvert. Ikkje når avgjersla om endringar er tatt, men med ein gang ein vurderer ei endring. Tillitsvalde og vernetenesta må vere med, uavhengig av om det er snakk om oppgåvedeling, omstilling, arbeidstid, teknologi, organisering eller nye arbeidsformer.
Ambisjonane må finansierast
Det er ikkje mogleg å effektivisere oss til å nå måla i Helsepersonellplan 2040. Tiltaka vil koste. Om planen skal bli noko meir enn eit dokument må Stortinget følgje den opp i statsbudsjettet.
Alt ligg til rette
Framtida ser lys ut. Folk lev lenger og er friskare lenger. Helse- og omsorgstenestene er fulle av dyktige fagfolk som dagleg leverer tenester i verdsklasse, noko Henrik er eit bevis på. Alt ligg til rette for at me skal lukkast. Så lenge me går frå ord til handling.