Til hovedinnhold

Meny

Beskriver folk som møtes
Beskriver folk som møtes (Foto: Pexels)

Vi treng medlemmer til valkomiteen

Valkomiteen har ei viktig rolle i fagforeininga. No treng vi fleire medlemmer som ønskjer å bidra til arbeidet med å finne og innstille gode kandidatar til dei ulike verva i foreininga.

På årsmøtet i januar 2027 skal det veljast kandidatar til ulike verv i fagforeininga. Valkomiteen har ansvar for å førebu dette arbeidet og leggje fram si innstilling til årsmøtet.

Som medlem av valkomiteen får du mellom anna oversikt over kva verv som er på val, snakke med aktuelle kandidatar og vurdere kven som kan passe til dei ulike rollene. Du får også høve til å bli betre kjend med organisasjonen og medlemmene.

Alle medlemmer i Fagforbundet Alver kan stille til valkomiteen! Er du ung, yrkesaktiv, ufør eller pensjonist, er du velkomen til å melde interesse. Du treng ikkje ha erfaring frå valkomitéarbeid frå før.

Det viktigaste er at du er interessert i fagforeininga, ønskjer å bidra og kan gjere vurderingar på ein open, ryddig og tillitsfull måte. Vi ønskjer gjerne ei valkomité med medlemmer med ulik alder, bakgrunn og erfaring.

Har du lyst til å bidra?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer meir informasjon eller vurderer å stille til valkomiteen. Kanskje er dette noko for deg?

Leiar av valkomiteen:
Liv Eriksen Eide - tlf.: 90 58 26 93 - liverikseneide@gmail.com

Kasserar:
Jeanett Jul-Rasmussen - tlf.: 40 97 42 91 - jeanett.jul-rasmussen@fagforbundet.org

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?