Velkomen til årets raspeballkveldar
Det nærmar seg årets raspeballkveldar – ein hyggjeleg tradisjon der vi samlar medlemmene til god mat, godt selskap og sosialt samvær.
Dette blir ein kveld der vi kan senke skuldrene, møtast på tvers av arbeidsplassar og avdelingar og nyte ein god middag saman. Det blir servert tradisjonelle raspeballar med godt tilbehøyr, kaffe og dessert.
I tillegg til god mat blir det litt underhaldning og informasjon, og vi skal sjølvsagt heidre våre 25- og 40-årsjubilarar. Det blir også god tid til prat, latter og sosialt samvær med kollegaer og andre medlemmer.
Vel den kvelden som passar best
Medlemmene kan sjølve velje den raspeballkvelden som passar best. Du melder deg på den kvelden du ønskjer å delta på, via ei av påmeldingslenkjene.
Påmeldingsfrist er 25. oktober 2026.
Det er ikkje høve til gruppepåmelding. Kvar enkelt medlem må melde seg på sjølv.
Viktig informasjon om påmeldinga
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje melder avbod og heller ikkje møter opp til arrangementet, vil du bli fakturert ein eigenandel på kr 200. Dette er for å dekkje utgifter fagforeininga allereie har hatt i samband med arrangementet.
Vi håpar mange vil ta turen og bli med på ein triveleg kveld med god mat, hyggeleg underhaldning og godt lag.
Vel den kvelden som passar deg best – og bli med på årets raspeballkveld!
Tirsdag 3. november 2026 kl. 18:00:
Strilatun, Risåsen 1, Seim - https://pameldinger.no/e/98hjol
Onsdag 4. november 2026 kl. 18:00:
Manger Folkehøgskule, Mangernesvegen, Manger - https://pameldinger.no/e/nn/dyr0gd
Torsdag 5. november 2026 kl. 18:00:
Ungdomshuset Grasdal, Håtuftvegen 143, Frekhaug - https://pameldinger.no/e/nn/8ldqmk