Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Landsstyret i Fagforbundet støttar dei 14 lærarane ved Bergen Kristne Grunnskole som har vore i streik sidan april. Dei er medlemmer av Utdanningsforbundet og streikar for noko så grunnleggande som ein tariffavtale, sjølve fundamentet for eit organisert arbeidsliv.

Fagforbundet støtter Utdanningsforbundets streik og fordømmer streikebryteriet fra arbeidsgivers side.
Fagforbundet støtter Utdanningsforbundets streik og fordømmer streikebryteriet fra arbeidsgivers side. (Foto: Fagforbundet)

Fagforbundet reagerer sterkt på at skolen no har tilsett nye lærarar slik at undervisninga kan gå som normalt mens dei tilsette er i lovleg streik. Når arbeidet til dei streikande blir utført av andre, er dette heilt klart streikebryteri. Dette er eit alvorleg angrep på streikeretten.

Streikebryteri høyrer ikkje heime i norsk arbeidsliv. Det er unorsk og står i direkte motstrid til prinsippa den norske modellen bygger på. Organisasjonsfridom, retten til å inngå tariffavtalar og retten til å streike er ikkje særinteresser for fagorganiserte. Det er grunnleggande demokratiske rettar.

Særleg alvorleg er det at konflikten har preg av å vere eit oppgjer med tilsette som har fagorganisert seg og med forbundet deira. Bergen Kristne Grunnskole går til angrep på verdiane til Utdanningsforbundet, samtidig som dei gjennomfører omfattande streikebryteri. Dette minner om den aggressive og langvarige fagforeiningsknusinga som vi har sett Tesla har gjennomført i Sverige.

Slike metodar må ikkje få fotfeste i Noreg.

Bergen Kristne Grunnskole må respektere dei tilsette sin organisasjonsfridom, anerkjenne retten til kollektive avtalar og stanse praksisen som undergrev den lovlege streiken. Ein arbeidsgivar som nyt godt av offentleg støtte, har eit særleg ansvar for å opptre i tråd med grunnleggande normer i norsk arbeidsliv.

Til dei streikande lærarane vil landsstyret i Fagforbundet seie: De står i ein viktig kamp for alle arbeidstakarar. Kampen dykkar handlar om meir enn ein tariffavtale. Han handlar om retten til å organisere seg, retten til å forhandle kollektivt og retten til å bruke streik som lovleg kampmiddel.

Fagforbundet står skulder ved skulder med dykk i denne kampen!

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?