Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Det var både høgt fagleg nivå og sterk formidlingsevne då dei beste VG2-elevane i helsearbeidarfaget møttest til Skule-NM. Konkurransen synte tydeleg at framtida for helsefagarbeidaryrket er i trygge hender.

Dei seks beste elevane i Skule-NM i helsearbeidarfaget samla: Vinnarane frå Byremo vidaregåande skule flankert av deltakarane som tok 2. og 3. plass i årets meisterskap.
Dei seks beste elevane i Skule-NM i helsearbeidarfaget samla: Vinnarane frå Byremo vidaregåande skule flankert av deltakarane som tok 2. og 3. plass i årets meisterskap. (Foto: World Skills Norway)

– Det var artig å sjå ungdommane i aksjon. Eg har stor tru på den framtidige rekrutteringa til yrket. No er det behov for å sikre at helsefagarbeidarar får moglegheit til å utvikla seg vidare etter fullført fagbrev, seier Helge Sporsheim. Han er nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, og har vore ein sentral pådrivar for yrkeskonkurransane.

Gull til Agder

Det var Arianne B. Rafoss og Ida Håland frå Byremo vidaregåande skule i Agder som gjekk heilt til topps i Noregsmeisterskapet for VG2-elevar i helsearbeidarfaget. Meisterskapet samla deltakarar frå vidaregåande skular over heile landet.

Prosjektleiar i World Skills Norway, Anette Johansen, var til stades under arrangementet og lét seg imponere av både gjennomføringa og deltakarane.

– Fagskolen i Viken har sett ein ny standard for korleis Skole-NM kan gjennomførast. Dette er eit arrangement som både inspirerer og gir verdifulle erfaringar vi tek med oss vidare, seier Johansen.

Ho understrekar samstundes det høge faglege nivået:

– Det er utruleg høgt nivå på deltakarane. Eg er stolt av alle som har delteke, og nivået har også vore svært høgt i dei andre yrkesfaga.

NM i helsefagarbeidar 2026
->NM i helsefagarbeidar 2026 (Foto: Fagforbundet)

Imponerte fagfolk

Helge Sporsheim deler prosjektleiaren si vurdering, og trekkjer særleg fram korleis elevane kommuniserte med pasientane i konkurransen. 

– Eg blei djupt imponert over det eg såg. Standarden er veldig høg, og kommunikasjonen med pasienten held eit nivå som varslar godt for framtida, seier han. 

– Her har vi sett Noregs beste helsearbeidarelevar.

Samstundes er Sporsheim uroa for éin ting:

– Ein god del av elevane på VG2 helsearbeidarfaget vel å ikkje gå vidare som lærlingar, men tek påbygging. Sjølv om mange vel utdanningsløp som er relevante for helsearbeidarfaget, er det òg ein del som ikkje ser ei framtid innan helse- og omsorgstenestene, seier han og legg til:

– Det er viktig at vi gjer noko med dette, mellom anna ved å leggje betre til rette for vidare utvikling både på eigen arbeidsplass og gjennom vidareutdanning, til dømes gjennom fagskulane.

Årets Skole-NM blei arrangert for heile 28 ulike fag, fordelt på 12 ulike lokasjonar rundt om i landet. Det er ein betydeleg vekst sidan meisterskapet først blei arrangert i 2017, og syner den aukande interessa for yrkesfaglege konkurransar.

Resultat frå skulemeisterskapet i helsearbeidarfaget:

  1. Arianne B. Rafoss og Ida Håland frå Byremo vidaregåande skule.
  2. Hilde H. Bergheim og Malin G. Jevne frå Valdres vidaregåande skule i Innlandet.
  3. Tony A.Stensnes og Kaia D. Karlsen frå Greåker vidaregåande skule i Østfold.
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?