Til hovedinnhold

Meny

Fagforbundet Årdal arrangerer onsdag 15 april 2026 kurs i beskjæring av tre og bærbuskar for medlemene. Kurset byrjar kl. 16.30, og varar om lag 2 timar. Det er gratis.

Tre
Tre (Foto: Illustrajon)

Mange slit med å beskjære trea og buskane i hagane sine. Dette er eit praktisk kurs, der Olav Arnar Bø vil gje ein introduksjon og vise korleis dette kan gjerast. Han har lang erfaring i beskjæring, både som tidlegare mangeårig lærar ved Sogn jord- og hagebruksskule, og som gardbrukar.

Kurset blir utandørs, så ein må kle seg etter forholda. Servering av kaffi og kakao!

Møtestad; Vesvollvegen leikeplass i Øvre Årdal.

Påmelding på SMS 41480886 til Ingeborg Hjelle

 

Håpar mange vil bli med, dette er eit nyttig kurs!

Velkomne!

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?