Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Min side

Regjeringa foreslår eit krav om minst eitt års klinisk praksis for opptak til fleire av dei største vidareutdanningane i sjukepleie.

Iren Luther, sjukepleiar og leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet er nøgd med regjeringas forslag.
Iren Luther, sjukepleiar og leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet er nøgd med regjeringas forslag. (Foto: Werner Juvik)

Tidlegare var det krav om to års klinisk praksis for opptak til dei såkalla «ABIOK» utdanningane (anestesi-, barn-, intensiv-, operasjon- og kreftsjukepleie). Når det kom nye rammeplanar for desse utdanningane var dette kravet fjerna, og utdanningsinstitusjonane sjølv kunne velje om dei ville krevje 2 års klinisk praksis eller ikkje. Mange av universiteta og høgskulane ynskja å fjerne kravet.

– Fagforbundet har heile tida meint at kravet om to års klinisk praksis burde bestå, seier Iren Luther, sjukepleiar og leiar av yrkesseksjon helse- og sosial i Fagforbundet.

Ho peikar på at det skjer veldig mykje læring det fyrste året som sjukepleiar.

– Sjukepleie er eit praktisk yrke. Mykje av tryggleiken som fagperson kjem med erfaring. Dette er deler av grunnlaget ein skal byggje på i vidareutdanninga, seier ho.

– Krav om eitt år er eit godt kompromiss

Regjeringa foreslår no å innføre krav om eitt års praksis for «ABIOK»-utdanningane og jordmor. Luther meiner framleis at det burde ha vore to år.

– Eg tenkjer eigentleg at den gamle ordninga står seg godt, men her er det jo openbert ulike syn. Eg tenkjer at eit krav om eitt år er eit godt kompromiss – og så er det jo berre eit minstekrav, det hindrar jo ingen frå å jobbe i to år eller meir før dei tek utdanningane, seier ho.

Bør òg sjå på psykisk helse, rus og avhengigheit

Fagforbundet oppmodar i sitt høyringssvar (PDF) òg å vurdere liknande krav for opptak til masterutdanninga i psykisk helse, rus og avhengigheit.

– Me meiner at erfaringa frå klinisk praksis er viktig for alle dei klinisk retta vidareutdanningane. Ein bør difor vurdere å innføre det same for psykisk helse, rus og avhengigheit, avsluttar Luther.

Du kan lese heile høyringssvaret til Fagforbundet på regjeringen.no (PDF).

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?