Til hovedinnhold

Neste yrkes-NM er våren 2025!

Emma Straub deltar i yrkes-EM / EuroSkills 2023 i Gdansk som helsefagarbeiderlærling.

Emma Straub deltar i yrkes-EM / EuroSkills 2023 i Gdansk som helsefagarbeiderlærling. (Foto: Worldskills / Euroskills)

WorldSkills Norway, som arrangerer yrkesmeisterskapa, har annonsert at neste Yrkes-NM blir i april 2025.

08.03.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 08.03.2024

Meisterskapet skal haldast i Førde i Vestland, i veke 14 (april) 2025.

– Me gler oss til å sjå mange dyktige fagfolk i aksjon til neste år, seier Helge Sporsheim, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet og styremedlem i WorldSkills Norway.

Fagforbundet er tungt inne i yrkeskonkurransen for helsearbeidarfaget.

– Det er ein utruleg flott måte å vise fram faget, og framtidas fagfolk, seier Sporsheim.

Men før yrkes-NM til neste år skal det vere yrkes-VM i Lyon, Frankrike, frå 10. til 15. september 2024. Der skal bronsemedaljevinnar frå yrkes-NM i 2022 og noregsmeister Emma Straub konkurrere for Noreg.

– Eg gler meg veldig til yrkes-VM. Emma er ein fantastisk representant og rollemodell for faget og Noreg, og kan absolutt gjere det bra i VM, avsluttar Sporsheim.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?