Til hovedinnhold

Emma vann bronse i yrkes-EM!

Emma Straub representerte Noreg på yrkes-EM i Gdansk 2023 og vann bronse

Emma Straub representerte Noreg på yrkes-EM i Gdansk 2023 og vann bronse (Foto: WorldSkills Norway)

Fagforbundet-medlem og helsefagarbeidarlærling Emma Straub kom på pallen i yrkes-EM, og vann bronse for Noreg.

09.09.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 25.09.2023

– Vi er heilt utruleg stolte, seier ein svært glad Helge Sporsheim, som er nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Han har følgd Emma under heile meisterskapet.

Emma Straub er frå Trondheim og jobbar til dagleg som lærling ved St. Olavs hospital. Ho vann yrkes-NM i 2022, og kvalifiserte seg då til yrkes-EM i Gdansk i år.

– Eg er djupt imponert over prestasjonen til Emma. Ho har vist tung teoretisk kunnskap, saman med svært gode praktiske ferdigheiter. Dette, kombinert med ei eineståande evne til å vise omsorg for pasientane sine gjer Emma til eit fantastisk forbilete for pleiepersonell, seier Sporsheim.

Han vart ikkje overraska over at ho hamna på pallen.

­– Etter å ha observert prestasjonane hennar i tre dagar var eg overtydd om at dette måtte bli medalje, avsluttar han.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?