Til hovedinnhold

Færre vil bli sjukepleiar

Iren Luther, leder i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

Iren Luther, leder i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet (Foto: Werner Juvik)

Nedgangen i søkjartal til sjukepleiarstudiet uroar Iren Luther i Fagforbundet.

27.07.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 27.07.2023

I 2020 var det 13 563 søkjarar som hadde sjukepleie som fyrsteval, i 2023 hadde dette falt til 8 977

– Dette er ei veldig uroande utvikling. Joda, det er framleis fleire søkjarar enn plassar, det kjem ikkje til å vare viss denne trenden fortset, seier Luther.

Ho er sjølv utdanna sjukepleiar og var medlem av helsepersonellkommisjonen. Ein av konklusjonane deira er at mangelen på helsepersonell berre kjem til å auke i tida framover.

– Får me ikkje fylt opp studieplassane i framtida kjem dette til å forsterke problemet, det kan me ikkje la skje, slår Luther fast.

Karakterkrav og arbeidsvilkår

Ho meiner at det er mykje me kan gjere for å sikre rekrutteringa.

– Eit enkelt tiltak er å fjerne karakterkrava. Det stenger folk som kunne ha blitt dyktige sjukepleiarar ute frå studiet til ingen nytte. Fagforbundet har heile tida meint at det var feil å innføre karakterkrav, og det meiner me enno. Tida er moden for å gjere dette no, seier Luther.

Ho får støtte frå prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen på Vestlandet.

– Vi kan miste mange flinke lærarar og sjukepleiarar grunna karakterkravet som no gjeld. Vi som arbeider på høgskulen er visse på at vi skal klare å kvalifisere og lære studentane det dei treng for å vere godt rusta og gå ut i yrka dei utdannar seg til, seier ho i ein pressemelding.

Luther meiner samstundes at ein må få på plass ein skikkeleg y-veg til sjukepleiarutdanninga.

– Det er ikkje eit mål at alle helsefagarbeidarar skal bli sjukepleiarar, men det er definitivt eit mål at dei skal kunne bli sjukepleiarar viss dei vil. I dag må dei ta ekstra fag for vidaregåande for å kome inn, det gir inga meining, slår ho fast.

Fantastisk jobb

– Å vere sjukepleiar er altså ein fantastisk jobb, seier Luther entusiastisk.

Likevel forstår ho kvifor enkelte kan vere usikre på om dei ynskjer å jobbe i helsetenesta.

– Tenestene er ikkje perfekte. Det er utfordringar med til dømes underbemanning og dårleg tilpassa arbeidstidsordningar. Skal me sikre rekrutteringa i framtida må me gjere noko med dette, og det hastar, avsluttar ho.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?