Til hovedinnhold

Lokalt fagskolesamarbeid ga resultat

Nøgde studentar, lærarar og representantar frå kommunen

Nøgde studentar, lærarar og representantar frå kommunen (Foto: Connie Landeland/Kvam Herad)

22 fagskulestudentar er ferdig med vidareutdanning etter eit samarbeid mellom Fagforbundet, Fagskolen i Viken og Kvam kommune.

25.05.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 26.05.2023

– Me er svært glade for at me har fått til eit sånt tilbod lokalt, seier leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet Vestland, Sigrun Bøe Perez.

Tilbodet kom på plass etter initiativ frå Fagforbundet.

– Lokal tillitsvald tok kontakt med meg etter å ha lese om studiet i Fagbladet. Eg snakka då med Fagskolen i Viken, og dei var òg interessert i å få til noko, seier Perez.

Saman med kommunen og fagskulen jobba Fagforbundet for å realisere studiet, og no er altså 22 fagskulestudentar ferdige.

– Me er sjølvsagt stolte av å ha fått dette til. Det syner òg kor viktig det er med dyktige lokale tillitsvalde, seier Perez.

Ho meiner at det er viktig at ein kan lage tilbod nær arbeidsplassen, sånn at det er mogleg å kombinere jobb og vidareutdanning.

– Det er eit stort behov for kompetanse ute i tenestene, då må me leggje til rette for at flest mogleg kan få påfyll, seier ho.

– Viktig kompetanse

Leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet nasjonalt, Iren Luther, er òg godt nøgd med tilbodet.

– Fagarbeidarar vert ofte gløymd når ein skal sende folk på vidareutdanning. Vi ser tendensar til at dette no er i endring, og då er det viktig at fagskulane legg til rette for at flest mogleg kan få eit tilbod, seier ho.

Studentane har tatt vidareutdanning i «observasjons- og vurderingskompetanse i helsetjenesten».

– Mange pasientar har kompliserte forlaup med mange diagnosar og utfordringar som set større krav til tenestene. Fagfolk med denne vidareutdanninga vil bidra til at tenestene kan møte desse pasientane på ein god måte, konkluderer ho.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?