Til hovedinnhold

Betre arbeidsforhold for seniortilsette på sjukehus

Illustrasjonsbilete. Solveig Håbetsås og Tara Ghods.

Illustrasjonsbilete. Solveig Håbetsås og Tara Ghods. (Foto: Birgit Dannenberg)

Fafo har kartlagd kvifor seniorar slutar på sjukehus. Målet er å behalde fleire lenger.

14.09.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 16.09.2022

Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, er tydeleg på at ein må ta vare på seniorane

– Ein av tre tilsette i pleieyrka er seniorar. Dette er kompetanse som ikkje kan erstattast i ei handvending.

Ho meiner at dei fleste funna i rapporten er lite overraskande.

– Den syner jo i hovudsak at det som er viktig for tilsette generelt òg er viktig for seniorane.

Ho nemner god grunnbemanning, annerkjenning av kompetansen ein har, tid nok til å gjere dei oppgåvene ein har og god oppgåvedeling som viktige tiltak.

– Vi må ikkje gløyme at det som definerer denne gruppa fyrst og fremst er det at dei er fagfolk og ikkje alderen, slår Luther fast

Individuelle tilpasningar

Samtidig meiner Luther at det er behov for individuelle tilpasningar for seniorane.

– Vi veit at turnusarbeid kan vere tungt. Om for eksempel fritak frå nattevakter kan gjere at fagfolka blir verande må ein kanskje leggje til rette for det i større grad enn i dag

Rapporten «Seniorer i sykehussektoren: Hvordan beholde seniorene og deres kompetanse» er skrevet av Fafo på vegne av mellom anna Fagforbundet, NSF og Spekter.

– Det er no jobben startar. Vi har fått kunnskapen, no må vi ta den i bruk, avsluttar Luther.

Last ned heile rapporten.

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?