Vervar studentar for harde livet
Fagforbundet driv omfattande medlemsverving på studiestader over heile landet. Mette Nord var aktivt med da forbundet fekk fleire nye medlemmer på Sørlandet.
16.08.2022
av
Kjell-Erik Nordenstam Kallset
Sist oppdatert: 31.08.2022
– Velkommen som medlemmer av Fagforbundet, seier Mette Nord til sosiologistudenten Ida Kjølsø (32) og Ole Martin Haug (24), som studerer global utvikling og samfunnsplanlegging.
Leiaren i Fagforbundet er på campus ved Universitetet i Agder. I Kristiansand vrimlar det av studentar i samband med studiestarten, og ei rekke organisasjonar og instansar har stands for å nå ut til dei ferske studentane.
Meldte seg inn
Fagforbundet og LO brukar dei såkalla faddervekene til å verve nye studentmedlemmer. Studentane strøymer til standen, der trekkplasteret er eit lykkehjul der du kan vinne energidrikk og profileringsartiklar frå forbundet. Dei som melder seg inn får dessutan ryggsekk frå LO.
– Viss du melder deg inn i Fagforbundet og LO, så kjem du med i det største fellesskapet i arbeidslivet. Da får du støtte dersom du får problem på jobben din, sa Mette Nord, da ho forsøkte å verve Ida og Ole Martin til Fagforbundet.
– Og så får du Norges beste innbuforsikring i medlemskapet, som berre kostar 250 kroner i halvåret, skyt Frederick Helleland inn.
Argumenta til Nord og Helleland gjekk heim hos dei to studentane, som fann fram mobilane og meldte seg inn i Fagforbundet.
Hjelp og forsikring
Frederick Helleland er Fagforbundets studentkontakt ved Universitetet i Agder. Forbundet har studentkontaktar ved større høgskolar og universitet over heile landet. Under faddervekene driv dei omfattande vervearbeid.
– Lykkehjulet har slått an og gjer at mange kjem bort til oss. Da er det lette å starte praten, seier Helleland.
Han fortel at dei første dagen av faddervekene har vera studentar frå fleire ulike fag, særleg innan barnevern, utviklingsstudier og sjukepleie. Dei satsar særleg på sjukepleiestudentar i Kristiansand og Grimstad, og lokkar nye medlemmer med gratis sjukepleiaruniformar.
Om nokre dagar skal dei få presentere Fagforbundet i klassane til sjukepleiarstudentane i begge sørlandsbyane. Da er gratis uniform ein fin medlemsfordel, fordi universitetet pålegg alle sjukepleiarstudentar å skaffe seg uniform.
– Kva er dei viktigaste grunnane til at studentar blir medlemmer?
– Hovudgrunnane er at vi kan gi dei hjelp viss dei får trøbbel i deltidsjobben - saman med innbuforsikringa. Studentar forstår at dei treng forsikring, og vi kan tilby dei Norges beste innbuforsikring, seier studentkontakten.
Alle kan verve
Studentkontaktar over heile landet gjer i desse dagar ein stor jobb med verving.
– Jobben min er hovudsakleg å vera tilgjengeleg for studentane og å skape aktivitet på studieplassen, gjennom å få til aktive studentlag. Dessutan er det verving, seier Helleland.
Han understrekar likevel at alle fagforeiningar kan verve studentar, og oppfordrar tillitsvalde til å få med eigne barn, venner og andre kjente.
Den første fadderdagen gjekk svært bra for Fagforbundet ved Universitetet i Agder. I tillegg til at Mette Nord verva Ida Kjølsø og Ole Martin Haug, vart nærmare tretti studentar nye medlemmer i Fagforbundet.