Til hovedinnhold

Skal utgreie ny tannhelsepolitikk

Kurt Rønning, nestleder i Yrkesseksjon helse og sosial.

Kurt Rønning, nestleder i Yrkesseksjon helse og sosial. (Foto: Fagforbundet)

Kurt Rønning, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, er med i regjeringa sitt tannhelseutval.

12.08.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 12.08.2022

– Fagforbundet har lenge ynskja at tannhelse skal likestillast med andre helsetenester, seier Rønning, og visar til mellom anna prinsipp- og handlingsprogrammet til forbundet og Fagforbundet Ung sin tannhelsekampanje.

Motivert

Rønning er glad for å kunne vere med og bidra i utvalet, som skal leggje fram si utgreiing i juni 2024.

– Spørsmålet er ikkje om tannhelse kan likestillast, men korleis. Vanlege arbeidsfolk skal ikkje måtte utsetje naudsynt tannbehandling på grunn av økonomi, seier Rønning.

I dag er det lommeboka som avgjer om ein kan få tannbehandling eller ikkje. Studentar, lågtlønte og minstepensjonistar kan måtte la vere å dra til tannlegen fordi økonomien ikkje strekk til. Ofte er det òg sånn at jo lenger ein ventar jo større vart problemet – og rekninga når ein fyrst behandlar det.

– Sånn kan det rett og slett ikkje vere, me må tette dette hòlet i velferdsstaten, seier Rønning.

Du kan lese meir om utvalet på regjeringen.no.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?