Til hovedinnhold

6. Eigen organisasjon

11.05.2022
Sist oppdatert: 11.05.2022

Fagforbundet skal forsterke arbeid med kommunikasjonsarbeid gjennom eigen organisasjon. Kommunikasjons- og informasjonsarbeid skal vera ein del av planarbeidet til fagforeiningane og forbundsregionane i Fagforbundet, og vera ein naturleg del av fagforeiningsarbeidet.  

Fagforbundet skal fokusere på positive saker og skryte av sigrane våre, men også vera tydelege på standpunkta våre. Heile organisasjonen vera førebudd på å støtte opp under fagforbundets politikk og bodskap, noko som gjer det viktig å systematisere og koordinere informasjonsarbeidet.  

Tiltak: 

Forbundsregionane skal: 

  • styrke informasjonsarbeidet ved å utvikle og vedta eigne informasjonsplanar i 2022 og 2023.
  • styrke det lokale og regionale mediearbeidet ved at forbundsregionane vurderer å gi tillitsvalde eit hovudansvar for mediearbeid, eller set av stillingsressursar til medie- og kommunikasjonsarbeid.
  • legge til rette for at alle ledd i forbundsregionen driv eit aktivt arbeid mot massemedia. Tillitsvalde og tilsette skal ta kontakt med redaksjonar for å følge opp saker som er publisert og forsøke å reise nye saker.
  • bidra til at fagforeiningar prioriterer tid til mediearbeid.

Fagforeiningane skal: 

  • vurdere å utarbeide og vedta informasjonsplaner og/eller informasjonstiltak.
  • legge vekt på at medlemmer og lokale tillitsvalde blir sentrale i mediedekkinga.
  • bidra til at tillitsvalde lokalt prioriterer tid til mediearbeid.

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?