Til hovedinnhold

Stadig fleire barn får hjelp frå barnevernet

Nær 50 000 barn og unge mottok tiltak frå barnevernet i løpet av 2010. Dette var 7,1 prosent fleire enn året før. Til samanlikning var auken på 5,3 prosent frå 2008 til 2009, melder Statisitisk Sentralbyrå.

27.06.2011 av Harald Berre
Sist oppdatert: 27.06.2011

Nær 3 300 fleire barn mottok tiltak i løpet av 2010 samanlikna med året før. Dette er den største veksten i barn med tiltak Statistisk Sentralbyrå har sett sidan den nye barnevernloven kom i 1993.

Dei totale brutto driftsutgifter til det kommunale barnevernet auka med heile 14 prosent frå 2009, til 7 700 millionar i 2010. I same periode auka talet på stillingar i det kommunale barnevernet med 111 årsverk, til 3 526 årsverk. Det er særleg talet på barnevernspedagogar, men også personar med anna høgskoleutdanning, som aukar, medan talet på sosionomar er stabilt.

I 2010 starta barnevernet nær 32 900 undersøkingar. Det er 2 700 fleire enn året før, og ein auke på 9 prosent frå 2009.

Les Statisitisk Sentralbyrås rapport

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?