Til hovedinnhold

Fylkesmannen vil styrkje interkommunalt barnevern

Barnevernet har openberre vanskar når det gjeld ansvarsdelinga mellom stat og kommune. Gode interkommunale barneverntenester kan på sikt gjere jobben som Bufetat har i dag, meiner Fylkesmannen i Hordaland.

21.11.2012 av Faggruppe barnevern
Sist oppdatert: 21.11.2012

FRÅ  NETTSIDENE TIL FYLKESMANNEN:

Fylkesmannen i Hordaland har gitt tilbakemelding på framlegg frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til endringar i barnevernlova. Vi støttar intensjonen om å styrkje barnevernet, og stiller oss bak dei fleste forslaga til endringar.

Fylkesmannen meiner likevel at det trengst meir omfattande endringar i barnevernet enn forslaget frå departementet legg opp til:

  • Det bør byggjast opp eit fagleg sterkt og robust interkommunalt barnevern som på sikt òg får ansvar for alle typar tilbod, også institusjonstilbod i ein region eller eit fylke og oppfølging av barn i fosterheim.
  • Fylkesmannen bør få heimel til å påleggje interkommunalt samarbeid.
  • Kommunane tek stort ansvar og må ikkje få auka eigendel når dei plasserer barn i statleg finansierte institusjonar.

Vi sluttar oss òg til forslaget om at Fylkesmannen bør ha tilsyn med alle barneverntenestene til Bufetat, ikkje berre institusjonane.

Les heile høyringsfråsegnet

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?