Til hovedinnhold

Hordaland: Ungdom på barneverninstitusjon bruker klageretten

Fylkesmannen i Hordaland fekk i 2012 dobbelt så mange klager frå ungdom som bur i barneverninstitusjon, samanlikna med året før.

24.01.2013 av Faggruppe barnevern
Sist oppdatert: 24.01.2013

Frå Fylkesmannen sine nettsider:

- Dette heng mellom anna saman med at vi har oftare kontakt med ungdommane ved tilsyn i institusjonane. Gjennom tilsyna skal Fylkesmannen sjå til at barn og unge får oppfylt rettane sine. Vi meiner det er bra at fleire nyttar retten til å klage.
 
Det kan vere fleire grunnar til at talet på klagar går opp. Fylkesmannen har jobba med å få ungdommane i tale, og har i 2012 delt ut ein ny brosjyre om kva rettar barn i institusjon har. Institusjonane informerer betre om retten til å klage.
 
Les meir om dette i Fylkesmannen i Hordaland sin årsrapport til Helsetilsynet.

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?