Til hovedinnhold

Verdenssamfunnet har sviktet palestinerne

Wedad Nasser fra Norsk Folkehjelp  Palestina og Ralf Einar Johannessen i Beach Camp i Gaza.

Wedad Nasser fra Norsk Folkehjelp Palestina og Ralf Einar Johannessen i Beach Camp i Gaza. (Foto: Are Stranden)

Klokka er 12:00, det er torsdag 9. mars 2017 og vi er på veg ut frå Gaza. Det er stille når vi går gjennom tunnelen ved Erez crossing. Vi møter nokre arbeidsfolk og ein motorsykkel med tilhengar, som fraktar både passasjerar og kofferter. Ei veke i Palestina nærmar seg slutten og skritta våre høyrast når vi nærmar oss den første israelske kontrollposten.

03.05.2017 av Ralf Einar Johannessen, medlem av Fagforbundets forbundsstyre
Sist oppdatert: 03.05.2017

Ein usynleg mur på havet

Det er kveld i Gaza by og eg står på stranda og ser utover havet, ser lysa frå båtane som ligg der ute og ventar. Klokka 0600 om morgonen ser eg dei same båtane på veg inn til hamna for levere og omsette gårsdagens og nattas fangst. I generasjoner har mange livnært seg som fiskar langs Gaza kyststripe. På det meste har det vore over 12000 innan fiskaryrket. I dag er det kanskje mellom 2000 og 3000 . Kvifor er det slik ?

Då Hamas vant valet 2006 innførde Israel sanksjonar og blokade av Gaza. Fiskegrensa på 20 nautiske mil vart redusert til 6 og har og i ein periode vore nede i 3. I det området er det berre småfisk å få.

Lenge før fiskaren når grensa vert han stoppa av den israelske kystvakta. Med redusert tilgang på fisk, med redusert tall båtar er det ikkje økonomi i fiske. Dagens fiskarar er fattige, dei risikerer å miste båten sin, motoren sin og fiskar nokre gongar med livet som innsats. Kor langt ut dei kan gå før kystvakta opnar eld veit dei aldri. Det skapar frykt og usikkerheit og gjer livet deira særs vanskelig.

 

Nektast tilgang til jorda si

Visste du at langs grensa som er satt opp mellom Israel og Gaza er det ein 300 meter brei sone som det er forbode for palestinarar og opphalde seg i? Visste du at, om dei kjem for nære risikerar dei å verte skote? I generasjonar har dei dyrka oliven og sitrus, no er svært mykje av trea øydelagt av Israelske myndigheiter, jorda forgifta og tilgangen på vatn stengt. Dei plantar nye, men vert dei for store vert dei øydelagt, då utgjer dei ein sikkerheitsrisiko for Israel.

Det er uforståeleg at ein okkupantmakt så systematisk og planlagt gjer det nærast umogleg for den palestinske bonden å utøve sitt virke. Bonden ynskjer å dyrke jorda si, det er det dei kan, det er det dei dei ynskjer, men det vert dei nekta.

 

Verdssamfunnet har svikta

Vi har levert frå oss bagasjen og kjem oss igjennom første kontrollpunkt på Erez. Før oss i køen er ein eldre palestinsk mann, dårleg til beins, har vanskar med å halde seg stødig. Då vi e komne igjennom siste grensekontroll lurer eg på korleis det gjekk med han. Kom han seg vidare slik at han kanskje fekk besøke familien si ? Kjem du frå Gaza er palestinar og skal inn i Israel må du alltid vente, kanskje to kanskje tre timar. Kanskje slepp du igjennom, kanskje får du beskjed om at du ikkje får passere i dag. Det skjer sjølv om du har skrifteleg tillating frå myndigheitene om å få reise inn.

Den systematiske daglege trakasseringa som palestinarane blir utsette før i Gaza, på Vestbredden og ikkje minst gjennom det at så mange er flyktningar i sitt eige land, bor i kummerlege forhold i flyktningleire både i Libanon, på Vestbredden og på Gaza. Korleis kan verdssamfunnet sjå på dette utan å gjere noko ? Korleis er det mogleg at verdssamfunnet let dette skje utan å gripe inn?

I følgje FN vert Gaza ubeboeleg om nokre år dersom situasjonen ikkje endrar seg. Korleis kan det internasjonale samfunnet sjå på at 1,8 millionar palestinarar er fengsla i sitt eige land?

Møte med palestinarane på Gaza har gjort eit uutsletteleg inntrykk på meg. Det å sjå korleis dei jobbar for å meistre dagleglivet, finne praktiske løysingar og halde livsmotet oppe er imponerande.

Men verdssamfunnet har svikta og sviktar palestinarane.

 

Faktaboks:

  • Gaza er ca. 360 km², 40 km lang.
  • Det bor over 1,8 mill. palestinarar der. Av dei er 1,25 millionar registrert som flyktningar og dei fleste bor i dei åtte flyktningleirane på Gaza.
  • Gaza er totalt isolert og kontrollert av staten Israel.
  • Økonomien og all handel med omverden er totalt avhengig av staten Israel.
  • Arbeidsløysa på Gaza er på 60 prosent.

 

 

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?